Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. OrdvalChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ordval

Ordvalet kan seie mykje om sosial og kulturell bakgrunn. Vi har sett at ungdom til ungdom ofte brukar slang og andre ord enn dei dei ville brukt overfor foreldra sine og ikkje minst besteforeldre. Her skal vi sjå på ordvalet til unge menneske.

Bestefar med sitt nesten voksne barnebarn. Foto.

Det er ikkje berre aldersskilnader som gjer at vi bruker ulike ord. Det er også forskjell i ordbruken mellom ungdom på Oslo austkant og Oslo vestkant.[1]

Døme

Mange unge brukar småord som «liksom» eller «lissom», «ikkje sant», «veit du», «berre», «og sånn». «Dere hør her vi dro dit ikke sant, så var det sånn så dro vi på en sånn stein og drakk og sånn, og fyra og smårta og (latter) nei jeg bare kødda, ja så møtte vi det var da vi møtte Lars og dem ikke sant, nei … sorry Tine for det at lissom, Asle for deg ikke sant, han er lissom så snill og god og, lissom, ja han virker lissom på en måte som du snakker…».[2]

Vi tilpassar til målgruppa

Desse orda er fyllord som ikkje har nokon funksjon i setninga, men som appellerer til andre ungdommar, med same språkbruk. Også banneord «faen», «helvete» og stygge ord som «dritt», «forpult», «ræva» kan ha ein slik funksjon. Funksjonen er relasjonell, den knyter brukarane saman.

Slangord er også ungdomsspråk. Slang er bevisste avvik frå normalspråket som for eksempel «heilt konge», «fett», «snasent», «dødskult» i tydinga bra, og «dritt», «pyton», «på trynet» i tydinga dårleg. Vi har også tidlegare omtalt multietnolektar og slang.

I samtaledømet vårt frå Klassefesten med Johan Olav Koss er ordvalet slik at dei fleste sjåarane i landet lett kan følgje med. Det er eit uhøgtidleg språk. Val av metaforar som: «ei pansra utbrettsutgåve av Koss», latter og smil og anna kroppsspråk medverkar til at sjåarane vil oppfatte at dette er eit underhaldningsprogram. Deltakarar i ein samtalesekvens frå til dømes Dagsrevyen ville ha valt andre ord.

Kulturelle variasjonar

I ein samtale kan kulturelle variasjonar komme fram. Det kan gå på både dei verbale og ikkje-verbale signala som blir brukte. Dei to samtalepartnarane kan ha ulike referanserammer (kulturfilter) i hovudet.

Ofte tek ein det for gitt at dei to partane har same bakgrunnskunnskap, men det er slett ikkje alltid tilfelle som vi har sett tidlegare. Til og med dei same orda kan referere til ulike ting. Når e trønderjente på dansegolvet seier «Æ e klar!», så betyr det at ho er trøytt...

  1. 1«Ungdomsspråk». Hasund, Ingrid K.. Fagbokforlaget. 2006.
  2. 2«Ungdomsspråk». Hasund, Ingrid K.. Fagbokforlaget. 2006.

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter