Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. Emne, replikk og responsChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Emne, replikk og respons

Ein samtale kan dreie seg om eitt eller fleire emne. Deltagarne forhandlar heile tida om kva dei skal snakke om, og dei bruker replikkar og tilbakemeldingssignal for å gi respons til kvarandre. Slik driv dei samtalen framover.

Nærbilde av bordtennisrekkert og bordtennisball. Foto.
Kva er likskapen mellom ein samtale og bordtennis?

Emnet

Emnet for samtalen er det to eller fleire personar snakkar om. Emnet kan vere personorientert eller situasjonsorientert, det kan vere knytt til privathistoria til ein person eller kjennskap til allmenn informasjon, som vêr, politikk og samfunn.

I løpet av ein samtale kan emnet skifte, og overgangen frå eit emne til eit anna kan vere gradvis eller plutseleg.

Samtaleeksempel

I dette dømet er det russebilen til Johann Olav Koss som er emnet. Vi ser eit eit utdrag av ein samtale frå programposten «Klassefesten» på NRK der programleiaren Dan Børge Akerø (DB) møter skøyteløparen Johann Olav Koss (JO).

Vi skal bruke dømet (lett tilpassa) til å presentere nokre tema og strategiar som kan vere nyttige å sjå nærmare på når vi skal analysere ein samtale. I løpet av ein samtale kan emnet skifte, og overgangen frå eit emne til eit anna kan vere gradvis eller plutseleg.

Dei to samtalepartnarane må bli einige om korleis dei forstår kvarandre undervegs. Dei må også kunne formidle dette til kvarandre. Vi kan seie det slik at det går føre seg ei fortløpande forhandling mellom dei to.

Sjå klippet:

Klassefesten

Vi kan gjengi samtalen slik:

  1. DB: Vi skal sjå bilde av ein russebuss – [Sodomitten].
  2. JO: [Eg skal] ikkje gå inn på det.
  3. DB: Det står også «dei anstendige» (latter).
  4. DB: Her er ei pansra utbrettsutgåve av Koss. (stort smil)
  5. DB: Korleis var russetida? (blikk-kontakt)
  6. JO: Fantastisk moro. Eg fekk lov til å feste for første gong i livet mitt, og det var moro. (smil)
  7. DB: Var det ikkje nokon fest før det? Er det [riktig?](spørjande ansiktsuttrykk)
  8. JO: [Nei.] (rister svakt på hovudet)
  9. JO: Ingen torde seie noko.. mhm. Russebilen var veldig spesiell, den bygde vi sjøl.
  10. DB: Var den alltid til å stole på? (stirande)
  11. JO: !Nei, det var den ikkje (latter). Så vi fekk ikkje godkjent den for 17. mai-toget. Så vi sneik oss inn der. Midt i toget stoppa den. Det var ikkje bra.
  12. DB: !Jøss! (kast med hovudet)
  13. JO: Men løysinga var ei halv flaske vodka i forgassaren. Det gjorde heile greia, så kjørte vi vidare…(latter).

Replikk og respons i samtalen

Den som snakkar, talaren, kjem med ei ytring som lyttaren gir respons på. Ei slik ytring blir gjerne kalla ein replikk i samtaleanalysen.

Talaren har behov for å få stadfesting på at han eller ho er blitt forstått etter intensjonen, og den som lyttar treng ei stadfesting på at hans/hennar tolking er i samsvar med det som var intendert eller i det minste er akseptabelt for talaren. Det kan minne om eit pingpongspel der ballen går fram og tilbake. Lyttaren gir respons til talaren sin replikk og viser korleis han/ho har forstått replikken. Lyttaren sin respons vil vere hans/hennar fortolking av ytringa.

Talaren kan som oftast godta ulike fortolkingar av sin replikk. I ein samtale vil vi heile tida fortolke replikkane til kvarandre og gi respons på desse, men det er ikkje alltid at lyttaren si fortolking er i samsvar på med det talaren meinte med sin replikk. Samtalen kan ta ei heilt ny vending dersom responsen leier inn på eit nytt emne. Også talaren kan dreie inn på eit nytt emne.

Samtalen med Johan Olav Koss

I dømet med Johann Olav Koss sin russebil her finn vi replikk og respons i linje 5 til 13. Responsen i linje 8 blir ikkje følgd opp. I staden snakkar JO vidare om russebilen som er hovudemnet for samtalen. Samtalen er mellom Dan Børge Akerø (DB) og Johann Olav Koss (JO) i programmet "Klassefesten".

Tilbakemeldingssignal

Talaren treng å få bekrefta frå lyttaren at meldinga er forstått, at han/ho tolkar utsegna riktig. For å få til dette brukar vi samtalestrategiar.

I ein samtale vil lyttaren gjerne bruke småord som «mhm», «jaja», «jøss» og kanskje nikke eller riste på hovudet. Både verbale og ikkje-verbale signal blir brukte bevisst eller ubevisst. I linje 11 og 12 i eksemplet med russebilen til Johan Olav Koss her blir replikkane innleidde av responsar med ettertrykk (emfatisk trykk): «!Nei», og «!Jøss».

Slike signal kallar vi tilbakemeldingssignal. Dei viser at lyttaren følgjer med og indikerer korleis lyttaren fortolkar det talaren seier. Det betyr likevel ikkje at lyttaren nødvendigvis forstår det talaren meiner. Lyttaren kan sitje nikkande til ein samtale, men samtidig tenkje på noko heilt anna. «Tilbakemeldingssignala er altså ikkje teikn på reell forståing, men kommunikative signal som hevdar forståing».[1]

Talaren kan også be om stadfesting på at samtalepartnaren forstår ved å hekte på slike utsegner som «… ikkje sant?», «… forstår du?», «… er du med?».

  1. 1«Språklig samhandling: innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse». Jan Svennevig. Cappelen akademisk forl. 2009.

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter