Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. TranskripsjonssymbolChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Transkripsjonssymbol

Når vi skal analysere ein munnleg samtale, treng vi å skrive han ned. Vi vil helst gjengi samtalen så nøyaktig som mogleg, med alle småord, rettingar, nøling, latter og pausar slik som ein opplever i ein naturleg spontan samtale.

To jenter som ler. Foto.
Du skal også markere latter i samtalar når du transkriberer.

Det som vi i ein skriftleg tekst gjerne vil kalle «feil», kan vere viktig å få med i ein samtaleanalyse, fordi slike irregularitetar kan avdekkje viktige språkfunksjonar, handlingar og strategiar. Også ikkje-verbale ytringar ønskjer vi å få med. Kroppsspråket er ein viktig del av samtalen.

Vi skal her presentere nokre enkle teikn for å gjengi, transkribere, samtalen, såkalla transkripsjonssymbol.[1]

Transkripsjonssymbol Tyding
-avbrote ord
=forlengd staving
(...)utelaten tekst
[ ]overlappande tale
(utyd)utydeleg ytring
!ordord uttalte med ettertrykk (emfatisk trykk)
(trekker pusten), (sukker)ikkje-verbalt element
<leende>tekst</>informasjon om korleis ytringa blir uttalt (som leande, kviskrande eller overraska)
  1. 1«Ungdomsspråk». Hasund, Ingrid K.. Fagbokforlaget. 2006.

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter