Ein samtale er som vi veit ein munnleg tekst. Vi kan finne nokre av dei same måtane å strukturere samtalen på som vi finn i ein skriftleg tekst. Vi skal vi gå litt grundigare inn på kva samtaleanalyse er, og kva du kan sjå etter i ein analyse.

Det er imidlertid ein viktig forskjell. I ein samtale deltek samtalepartnarane kvar sin gong. Dei vekslar mellom å vere talar og lyttar. Dermed er det mykje mindre føreseieleg korleis sjølve samtalen vil utvikle seg. Ein samtale kan fort ta ei uventa vending.
Element i ein samtaleanalyse
Derfor er det også veldig vanskeleg å lage ei oppskrift for korleis ein skal gjennomføre ein samtaleanalyse. Vi skal nedanfor berre gi nokre element som kan setje oss på sporet av mogelege drøftingar.
- Transkripsjonssymbol: For å kunne skrive ned ein samtale må vi kunne transkribere.
- Emne: Vi må sjå på emna for samtalen og korleis dei vekslar og ytringar, som vi vil kalle replikkar.
- Respons og tilbakemelding: I samtalen ser vi på responsen og tilbakemeldingssignala som gis. Her merkjer vi oss ikkje-verbale signal som til dømes eit smil og kulturelle variasjonar i forhold til desse signala.
- Ordval: Vidare ser vi på ordvalet. Det kan seie mykje om sosial og kulturell bakgrunn.
- Reperasjon: Nokre gonger må vi inn med reparasjon eller korrigering av ein samtale dersom vi er redde for ikke å bli forstått.
- Sekvensar: Språkhandlingar kan ein dele inn i sekvensar, til dømes eit spørsmål og eit svar.
- Turtaking: For at ein ikkje skal snakke i munnen på kvarandre, noko som skjer ved overlapping, er det naudsynt med ei viss turtaking. Det oppstår òg pausar mellom turtakingane.
- Høfligheitsindikator: Hvis vi vil oppnå velvilje hos mottakar, brukar vi indikatorar på høfleg tale, som til dømes å gi ein kompliment, og vi må ta initiativ i samtalen.
- Symmetri og asymmetri: Avhengig av kommunikasjonssituasjonen vil det vere ein viss balanse mellom samtalepartnarane, symmetri eller assymetri.
- Samtalar kan vere opne og lukka.
- Vi skal til slutt sjå på nokre språkhandlingar.
Læringsressursar
Språk og samtaleanalyse
Fagstoff
Språk som kommunikasjonssystem
KjernestoffMeir om språkfunksjonane
KjernestoffHersketeknikkar
KjernestoffSpråkhandlingar
Kjernestoff- Kjernestoff
SamtaleanalyseDu er her
Transkripsjonssymbol
KjernestoffEmne, replikk og respons
KjernestoffOrdval
KjernestoffReparasjon
KjernestoffSpråkhandlingssekvensar
KjernestoffTurtaking og overlapping
KjernestoffPausar, høflegheit og initiativ
KjernestoffSymmetri og asymmetri
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Lukka og open samtale
KjernestoffJoharis vindauge
KjernestoffSmilet – eit universelt språk?
KjernestoffKorleis skal du helse?
KjernestoffKorleis kommuniserer dei?
KjernestoffSpråkhandlingar
KjernestoffTurtaking og overlapping
KjernestoffSamtaleanalyse
Kjernestoff