Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. SpråkhandlingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Språkhandlingar

Når du kommuniserar med andre, er det som oftast fordi du vil noko. Vi seier at du har ein intensjon med kommunikasjonen. Det kan til dømes vere å overbevise nokon, slå fast noko eller å love noko. Vi skal sjå nærmare på slike språkhandlingar.

Ferge blir døpt med champagne. Foto.
Kva for språkhandling blir brukt ved ein skipsdåp?

Mens semiotikken vanlegvis studerer teiknsystema i seg sjølve, er pragmatikken oppteken av språk som handling. Aktørane blir trekte inn, og kommunikasjonen blir sett på som ei intensjonell handling; det er ei handling som har ein intensjonen om å kommunisere.

I kommunikasjonen ønskjer ein å uttrykkje noko, påverke, få ein annan til å utføre ei handling eller komme med respons. Ein meiningsfull kommunikasjon føreset eit visst minimum av felles bakgrunn eller forståing.

Å lære språk er å lære ulike handlingsmønster og handlingsmuligheter. Å lære talespråket er uatskillelig fra oppførsel og sosial omgang. En lærer å hilse, takke, spørre og svare. Talespråket blir en del av oss på en annen måte enn skriften.[1]

Fem kategoriar

Handlingane sit i kroppen og dei rutinane og praksisane vi lærer oss. Språkhandlingane kan delast inn i fem klassar etter kva som er deira kommunikative poeng: konstativ, direktiv, kommissiv, ekspressiv og klassifiseringar.[2]

Konstativ

I denne klassen av språkhandlingar konstaterer ein fakta:

  • Eg bur i Trondheim.
  • Flyet går kl 10.05, men vi må vere der ein time før.
  • Bestefar fyller 70 år på laurdag.
  • Nicolas Sarkozy var fransk president.

Her blir det ofte brukt utsegnssetningar som kjem med påstandar, informasjon, forteljing, forklaring, gjengiving av fakta, osv. Ytringane representerer eit saksforhold i verda.

Direktiv

I denne klassen av språkhandlingar er poenget å få samtalepartnaren til å gjere noko:

  • Kan du komme til meg på torsdag?
  • Ta tak i hjørnet på komfyren så flytter vi han ut.
  • Du skal vere heime til klokka 9!
  • Kva synest du om Justin Bieber?

Her blir det ofte brukt spørjesetningar og bydesetningar (imperativsetningar) som ber om handlingar, som å be (om noko), beordre, oppmode eller krevje. Det kan også vere å invitere, å råde (nokon til noko), å tillate. Også spørjesetningar høyrer til her ettersom vi ber om eit svar.

Kommissiv

I denne klassen av språkhandlingar tar talaren på seg forpliktingar, han lovar å gjere noko.

  • Eg skal komme til deg på torsdag.
  • Dette skal aldri skje igjen.
  • Eg skal trekkje av 20 prosent sidan det er deg.
  • Eg kan gjere det dersom du ber meg om det.

Her blir det uttrykt ei framtidig handling og eit formål. Talaren forpliktar seg (eng. commit, «å forplikte seg»). Det kan til dømes dreie seg om lovnad, garanti eller tilbod.

Ekspressiv

I denne klassen av språkhandlingar er det plass for å uttrykkje ein psykologisk tilstand hos talaren.

  • Takk skal du ha!
  • Til lykke med dagen!
  • Dette gjekk over all forventing!
  • Supert!
  • Din idiot!
  • Gid du lenge, lenge leve må!
  • Fy faen!

Her er plass for kjensleutbrot som til dømes ønske, unnskyldningar, komplimentar, uttrykk for takksemd, misnøye, glede, sorg eller banning. Ønskjesetningar høyrer til her.

Klassifiseringar

I denne klassen av språkhandlingar finn vi slike utsegner som skaper ein ny røyndom. Dei kjem ofte under spesielle omstende eller i samband med spesielle institusjonar.

  • Hermed erklærer eg dykk for å vere rette ektefolk.
  • Dommen lyder på tre års fengsel.
  • Hermed melder eg meg til militærteneste.
  • Med desse ord erklærer eg brua for opna!
  • I denne boka blir ordet melding brukt om fleire teikn som er sette saman i ein sekvens.

Desse utsegnene skil seg frå konstativa ved at dei ikkje er sanne eller usanne beskrivingar av verkelegheita, men ytringar som skaper ein ny verkelegheit. For at dei skal vere gyldige, må dei referere til ein institusjonell verkelegheit.

Ei spesiell form for klassifiseringar er definisjonar. Å definere eit omgrep er å fastsetje korleis omgrepet skal brukast i ein gitt kontekst.

  1. 1«Alt jeg kan si». Glomnes, Eli. Cappelen akademisk forlag. 2001.
  2. 2«Språklig samhandling: innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse». Jan Svennevig. Cappelen akademisk forl. 2009.

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse