Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. Meir om språkfunksjonaneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Meir om språkfunksjonane

Det er vanleg å dele språkfunksjonane inn i tre. Denne tredelinga, referensiell, ekspressiv og mellommenneskeleg funksjon, har røter tilbake til Aristoteles’ retorikk. Han bruker omgrepa etos, logos og patos for å beskrive språkfunksjonane.

Byste av Aristoteles. Foto.
Aristoteles
  • etos (karakter, talaren sitt truverde, her i forhold til adressaten)
  • logos (sak, fornuft, her i forhold til verda)
  • patos (kjensleappell, her i forhold til talaren).

Det finst også mange andre måtar å dele inn språkfunksjonane på. Dei fleste har med dei tre som er nemnde her. Mange har også med estetisk, poetisk eller fantasi-funksjon.[1]

Desse funksjonane er ikkje berre ulike typar funksjonar, men nødvendige når vi uttrykkjer oss språkleg. Når vi formar ei setning, må vi ta val som formidlar noko om forholdet vårt til verda omkring, haldninga vår til emnet og vår relasjon til adressaten.

Referensiell funksjon

Som regel blir prosessar uttrykte gjennom verbal, objekt gjennom nominale uttrykk (substantiv) og omstende gjennom adverbiale uttrykk.

Døme

«Ole drog heim med sykkelen i ein fart.»

Her er «Ole» utøvar, «drog heim» mål, «sykkelen» instrument og «i ein fart» måten.

Korleis blir det i desse døma?

«Jentene sat og teikna i total stille.»

«Ta med deg hugselappen når du skal i butikken og handle.»

I setningane har vi brukt eit obligatorisk verbal og ulike frie eller bundne utfyllingar til verbalet. Vi har skapt eit bilete av objekt og prosessar i verda. Vi har uttrykt eit referensielt innhald.

Ekspressiv funksjon

Denne språkfunksjonen viser seg i korleis talarane uttrykkjer haldninga si til det dei seier. Dette gir seg utslag i ytringa sin modalitet. Vi kan til dømes bruke dei modale hjelpeverba i norsk (skulle, ville, måtte, burde, kunne).

Døme

«Ole skulle ha komme heim før.» (irritasjon)

«Du må vere heime klokka fire.» (naudsyn)

«Du kan ta med vennene dine.» (løyve)

«Eg vil ha ein blå sykkel.» (viljesavgjerd)

«Det bør gå an å hugse ein enkel beskjed.» (kva som er mogeleg, sannsynleg)

Vi kan også uttrykkje kjensler, ønske og tvil på mange andre måtar ved å bruke adverb, partiklar, tempus (tid), og fylle på med modifiserande setningar. Finn døme!

Mellommenneskeleg funksjon

Denne språkfunksjonen viser seg i kva slags språkhandlingar vi utfører overfor adressaten. Vi kan love, true, be om noko, påstå noko, spørje om noko. Forma på setninga kan vere ei utsegnssetning, ei bydesetning, eller ei spørjesetning. Desse måtane å uttrykkje seg på peikar i retning av ei språkhandling.

Døme

«Ole held ikkje det han har lova.»

  • I denne utsegnssetninga blir det uttrykt eit mellommenneskeleg forhold, det ligg føre ein lovnad som ikkje er følgd opp.

«Når kan du vere heime?»

  • I denne spørjesetninga blir det også skapt eit mellommenneskeleg forhold, fordi det blir etablert ein avtale mellom samtalepartnarane.

«Du må vere heime til middag.»

  • I denne bydesetninga blir det etablert ei språkhandling.

Språksystemet (setningsforma) i alle desse setningane er med på å skape mellommenneskeleg meining i ytringane.

Vi ser i alle desse setningane at verbalet har ein sentral funksjon i oppbygginga av setningane. Ei ytring kan bestå av ei setning eller fleire setningar. Likevel er ikkje alle ytringar forma som fullstendige setningar. Overskrifter og reklameslagord manglar ofte verbalet.

Døme

«Program for avslutningsfesten.»

«Halv pris på alle varer.»

«Heimesiger for Viking.»

«Den uuthaldelege lettheten i livet.»

«Over evne.»

Desse ytringane er fullstendige og tilstrekkelege som kommunikative handlingar dersom ein kjenner konteksten. Men ettersom verbalet manglar, gir dei mindre informasjon. Dei er avhengige av ein kontekst for å bli tilskrivne meining på same måten som innleiingseksemplet vårt: «Gi meg ein til!». Denne utsegna inneheld verbal. Men det er uklart kva slags referanse setninga viser til. Utan kontekst blir ytringa meiningslaus.

  1. 1«Alt jeg kan si». Glomnes, Eli. Cappelen akademisk forlag. 2001.

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter