Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. Språk som kommunikasjonssystemChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Språk som kommunikasjonssystem

Språket er eit kommunikasjonssystem. Det vil seie at det er eit system for utveksling av meldingar eller ytringar (teikn, ord, signal, handlingar) som er standardisert innanfor eit samfunn. Gjennom oppveksten lærer vi om forma og funksjonen til språket.

To som snakkar til kvarandre med blanke snakkebobler over hovuda. Foto.
Kva fyller vi snakkeboblene med?

I kommunikasjonssystemet inngår:

  • språkform (grammatikk, vokabular, uttale)
  • språkfunksjonar (det vi vil oppnå med det vi seier eller skriv)
  • kroppsspråk (gestar, mimikk, osb.)
  • kulturelle aspekt (personlegdom, rolleforhold, kulturelle mønster, osb.)
  • kommunikasjonsstrategiar (teknikkar for å supplere når kompetansen ikkje strekk til).

I tillegg kjem den kommunikativ kompetansen, som er evna til å forstå og på ein formålstenleg måte bruke eit slikt kommunikasjonssystem.[1]

Vi skal her sjå nærare på forma og funksjonane til språket, samt nokre kommunikasjonsstrategiar vi bruker når vi ikkje finn rett ord.

Forma til språket

Når eit barn lærer morsmålet sitt, betyr det at det lærer kommunikativ kompetanse til å takle alle aspekt ved kommunikasjonssystemet.

Når det har lært mange ord, veit korleis dei skal uttalast og kan bruke dei på ein grammatisk korrekt måte (kanskje utan å kjenne dei formelle reglane i grammatikken), har det fått kompetanse i språkform.

Døme

Når eit barn skal seie ei setning, vel ho ord frå ordforrådet sitt, set dei saman til ei ytring, vel bøyingsformer, og uttalar dei på den måten ho har lært. Ytringa «Eg vil ha ein stor is» avdekkjer at ho har ein semantisk kompetanse (kva ord betyr), og også syntaktisk (setningsoppbygning), morfologisk (bøying) og fonologisk (uttale) kompetanse.

Språklæring kan vi sjå på som ei form for forhandling. Barnet må i samspel med andre finne fram til ord og uttrykksformer som omgivnadene forstår. Det blir etablert semje om kva orda og ytringane betyr.

Barnet lærer språket ut frå behovet for å kommunisere, oftast på ein uformell måte ved at dei vaksne rettar på det som blir sagt, gjentar uttrykk og reagerer på utsegner frå barnet og dermed bekreftar den felles meininga som gradvis blir bygd opp i samspelet. Sjå også artikkelen Å lære seg nye språk frå KK1.

Språkfunksjonen

Frå vi er barn lærer vi å bruke dei riktige orda i forhold til språkfunksjonen. Vi veit når det passar å seie «Ha det!», «Vi sest!» eller «Takk for no, farvel og lykke til!». Det tek tid å lære slike variasjonar og ulike nyansar både på sitt eige språk og ikkje minst på eit framandt språk. Derfor vil det ofte vere slik at vi i den første fasen brukar eit forenkla språk, slik som barn brukar eit barnespråk.

Døme

Mange innvandrarar har uttrykt frustrasjon over at det dei vil seie er «vakse tenkt» med fleire nyansar, men når det skal uttrykkjast, blir det oppfatta som barnespråk, eller som uttrykk for at dei er mindre intelligente, berre fordi dei ikkje finn dei riktige omgrepa på det framande språket. Det tek tid å lære å bruke språket funksjonelt.

Tre språkfunksjonar

Professor i språkleg kommunikasjon, Jan Svennevig, opererer med tre språkfunksjonar som kan vere nyttige reiskapar når vi skal analysere samtalar:

  • ekspressiv funksjon: å uttrykkje tankar, haldningar og kjensler
  • referensiell funksjon: å seie noko om verda, objekt og prosessar
  • mellommenneskeleg funksjon: å utføre ei språkhandling som uttrykkjer relasjonar mellom samtalepartnarane.[2]

Den ekspressive språkfunksjonen

Den ekspressive språkfunksjonen formidlar språkbrukaren sine tankar, haldningar og kjensler. Den viser tilbake til den som snakkar og det forholdet han eller ho har til dei han/ho snakkar om. Talaren kan uttrykkje visse, uvisse eller kva som er sannsynleg. Talaren kan også uttrykkje kva som er ønskjeleg, nødvendig eller tvil.

Den referensielle språkfunksjonen

Den referensielle språkfunksjonen viser til kva saka handlar om. Talaren refererer til verda omkring, objekt, omstende og prosessar og set dei i forhold til kvarandre. Språket er ikkje berre ei beskriving av verkelegheita, språket skaper også verkelegheit ved at det set namn på ting og prosessar som kan drøftast vidare.

Den mellommenneskelege språkfunksjonen

Den mellommenneskelege språkfunksjonen, eller relasjonelle funksjonen, viser til forholdet mellom deltakarane. Alle ytringar har ein adressat, ein mottakar, anten det er uttrykt eller ikkje i tekst eller tale. Det kan vere eit individ eller ei gruppe menneske. Ei ytring vil vere tilpassa den vi snakkar til og seie noko om kva forhold vi har til han eller henne. Det vi seier vil også uttrykkje kva vi ønskjer å oppnå: få den andre til å gjere noko, eller at vi vil gjere noko for vedkommande eller om det vi seier rett og slett er ein informasjon.

Kommunikasjonsstrategiar

Kommunikasjonsstrategiar er teknikkar vi tyr til når kompetansen ikkje strekk til, eller når vi ikkje oppnår den kommunikasjonen vi vil ha. Mange av oss kjenner situasjonen når vi har gløymt eit namn eller ikkje veit kva ting heiter: «Du veit … ho som bur i det gule huset på hjørnet.» Slike kommunikasjonsteknikkar bruker vi ikkje minst når vi skal snakke på eit språk vi ikkje behersker heilt.

I staden for å bruke enkle norske ord som «vanskeleg» og «trist» vil ein engelsktalande som skal lære norsk, i ein begynnarfase heller bruke ord som «komplisert» og «deprimert», fordi dei tilsvarar dei engelske orda «complicated» og «depressed». Det er ein strategi for å unngå vanskar.

Andre strategiar kan vere bruk av

  • synonym: ord med same eller nesten same tyding, til dømes «løpe» og «springe»
  • antonym: ord med motsett tyding, til dømes «kort/lang», «kald/varm», «far/mor»
  • parafrasar: det vil seie omskrivingar med andre ord som i dette dømet: «kniv og gaffel er reiskapar ein brukar når ein et».
  1. 1«Kommunikasjon i språkundervisningen». Gerd Manne Hazel Helleland. Fag og kultur. 1991.
  2. 2«Språklig samhandling: innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse». Jan Svennevig. Cappelen akademisk forl. 2009.

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse