Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. Turtaking og overlappingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Turtaking og overlapping

Oppgåve 1

Hugsar du tydinga av desse omgrepa, og kan du gi døme på dei:

  • mimikk
  • gestar
  • pragmatikk

Oppgåve 2

Gjer observasjonar som viser korleis de gir turtakingssignal i ein munnleg samtale.

  • Korleis får du ordet, og korleis tek du ordet i ein diskusjon med kameratane dine?
  • Kven tek ordet i diskusjonar i klassa. Har de ein ordstyrar? Er det nokon som tek rolla som ordstyrar? Er det nokon som tek ordet frå andre?
  • Kven tek ordet i elevrådet? Kven er ordstyrar? Korleis sørgjer han eller ho for at alle får sin tur? Eller er det nokon som «køyrer over» dei andre heile tida?

Oppgåve 3

Fyrst i denne videoen forklarar skodespelaren Tom Larsen om bruken av mimikk i samband med rollefiguren "Øllik"

  • Legg merkje til mimikken i reklameinnslaget i starten og drøft med ein medelev: Korleis tolkar de dei ulike utrykka?
  • Oppsummer det Tom Larsen seier om bruk av mimikk. Var noko av dette nytt for deg? Diskuter med ein medelev.
Frå manus til rolle

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter