Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. Korleis kommuniserer dei?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Korleis kommuniserer dei?

Oppgåve 1

Sjå klippet og diskuter: Thomas André meiner her at han har ein god kommunikativ kompetanse.

  • Kva meiner du?
  • Diskuter korleis han kunne ha vist god kommunikativ kompetanse i dei situasjonane vi ser han i.
Thomas André om kommunikativ kompetanse

Oppgåve 2

  • Når kan vi seie at ein person har kommunikativ kompetanse? Kva slags situasjonar bør vi beherske?
  • Til munnleg eksamen blir kandidaten sin kommunikative kompetanse vurdert. Diskuter i par: Korleis kan de ein munnleg eksamenssituasjon syne at de har god kommunikativ kompetanse?

Oppgåve 3

Språk speglar kultur. Sjå sketsjen. Kva sider blir formidla om kulturen i:

  • Frankrike
  • Russland
  • Italia
  • Japan

Kvifor blir dette morosamt?

"Språkkurs"

Oppgåve 4

Analyser språkfunksjonar i ein samtale, som til dømes på radio eller i ein TV-kanal, eller du kan høyre på denne samtalen:

Dialog mellom to ungdommer fra Loddefjord

0:00
Dialog mellom to ungdommer fra Loddefjord
  • Kan du kjenne igjen dei tre språkfunksjonane: ekspressiv funksjon, referensiell funksjon og mellommenneskeleg funksjon?
  • Skriv opp sekvensane og grunngi vala dine.

Oppgåve 5

Kva slags språkfunksjon har bruk av banning og bruk av slang? Sjå for eksempel på dialogen mellom ungdommane frå Loddefjord i oppgåva over.

Oppgåve 6

  • Finn døme på korleis du brukar kommunikasjonsstrategiar i ulike situasjonar.
  • Finn døme på korleis du brukar kommunikasjonsstrategiar når du ikkje kjem på namn eller stader i ein samtale.
  • Finn døme på kommunikasjonsstrategiar du brukar når du snakkar engelsk med ein som er mykje flinkare i engelsk enn du sjølv.
  • Sit saman med ein person i klassa som meistrar eit språk du ikkje meistrar. Prøv å formidle noko til denne personen utan å bruke norsk. Kva situasjonsstrategiar brukar du?

Oppgåve 7

Den 3. januar 2010 fekk ei tyrkisk dame på Tøyen i Oslo hjartesvikt. Familien ringte AMK-sentralen. Samtalen utarta seg til ein krangel mellom innringarane og personalet på AMK, og det tok 23 minutt før ambulansen kom. Da var det for seint. De kan finne både lydloggen og tekstfilene på nett. Bruk desse orda for å søkje: "Moren døde AMK familien kranglet lydlogg".

  • Lytt til lydfilene, mens du ser tekstfilen.
  • Kva kommunikasjonsstrategiar brukast hos begge partar?
  • Kva seier dette om kommunikativ kompetanse hos partane?

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse