Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. Joharis vindaugeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Joharis vindauge

Korleis oppstår misforståingar og kommunikasjonssvikt? Kvifor er det slik at menneske som er opne og samstundes lyttande, kommuniserer godt? Korleis kan ein få innsikt i korleis ein kommuniserer sjølv, og korleis ein verkar på andre?

Joharis vindauge er ein kommunikasjonsmodell som blei utvikla på 1950-talet av psykologane Joseph Luft (som bidro med Jo- i namnet på modellen) og Harrington Ingham (som bidro med Hari-). I denne miniforelesninga forklarer psykolog Helga Myseth denne kommunikasjonsmodellen. Vi skal etterpå sjå på nokre problemstillingar rundt modellen.

Oppgåve 1

Sjå videoen der Helga Myrseth forklarer kva Joharis vindauge er:

Høyr Helga Myrseth forklare Joharis vindauge.

Oppgåve 2

Kva kjenneteiknar kommunikasjonsstilen til ein person med:

  • eit stort ope felt?
  • eit stort blindt felt?
  • eit stort skjult felt?
  • eit stort ukjent felt?

Oppgåve 3

Korleis ville Facebook-profilen til ein fiktiv person som har ein av desse kommunikasjonsstilane sjå ut?

  • Lag ein slik fiktiv profil, gi opp interesser, relasjonar, "likes" personen ville gi, og annan informasjon du trur personen ville ha gitt om seg sjøv.
  • Korleis ser denne personen ut? Prøv å finne eit bilete.

Oppgåve 4

Lag rollespel der personar med ulike kommunikasjonsstilar opptrer (til dømes ein med eit stort ope felt og ein med eit stort skjult felt, to med store skjulte felt og ein med eit stort ope felt og ein med eit stort blindt felt).

  • Framfør rollespela og la dei andre i klassa gjette kva kommunikasjonsstilar som er brukte.
  • Diskuter korleis situasjonane der det er dårleg kommunikasjon, kan snuast til god kommunikasjon.

Oppgåve 5

  • Nokre personar er svært opne og byr på seg sjølve. Er dette alltid god kommunikasjon?
  • Korleis kan vi lære å kommunisere godt gjennom modellar som Johari-vindauget?

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter