Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. HersketeknikkarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hersketeknikkar

Hersketeknikkar er uttrykksmåtar og åtferd som nokon brukar for å få ein annan person til å kjenne seg underlegen og dum. Dersom vi kjenner igjen knepa, kan det vere lettare å vite kva vi skal gjere viss vi blir utsette for dei.

Om hersketeknikkar – Store Studio

I videoklippet fortel Hilde Sandvik litt om hersketeknikkar. Saman med Jon Risdal har ho gitt ut boka Hersketeknikker.[1]

Dei fem hersketeknikkane

Dette er dei fyrste hersketeknikkane som tidlegare politikar og professor i sosialpsykologi Berit Ås identifiserte på 1970-talet:

  • latterleggjering
  • usynleggjering
  • tilbakehalding av informasjon
  • fordømming same kva du gjer
  • påføring av skyld og skam

Dei vanlegaste hersketeknikkane

Menneske som brukar hersketeknikkar, er fyrst og fremst opptekne av å syne at dei har makt. Dei klarar ofte å "vinne" ein diskusjon fordi motparten blir usikker, kan hende til og med redd. Vi skal her sjå nærare på nokre hersketeknikkar som du sikkert kan kjenne igjen. Du har kan hende også brukt dei sjølv, utan å tenkje over kva du eigentleg gjorde?

Latterleggjering

Nedsettande kommentarar og personkarakteristikkar kan få motparten til å bli sint og ute av seg, eller til å bli såra og taus. I båe høve "vinn" den som manipulerer. "Du er så søt når du er sint!" "Det du seier, er heilt høl i hauet!" "Noko anna var ikkje å vente frå deg. Vi veit da alle at du ikkje gjer anna enn å smiske for læraren!"

Eit nedlatande kroppsspråk er ein annan effektiv måte å forstyrre og såre andre på. Den som ler overdriv, skjer grimasar, himlar med auga og lyfter augebryna, gir tydeleg til kjenne at han ikkje tar den som taler alvorleg.

Stadige avbrytingar

Ein som støtt avbryt ein person som snakkar, formidlar indirekte: "Eg gidd ikkje å høyre på det du seier. Det eg har å kome med sjølv, er mykje viktigare." Dei fleste blir irriterte når dei aldri får snakke ferdig, og når folk er sinte, tenkjer dei gjerne mindre klart. Dermed får den som avbryt, enda ein fordel i diskusjonen.

Usynleggjering

Det er ein grunnregel i alle slags samtalar at vi gir kvarandre respons. Viss ingen kommenterer det vi seier, blir vi gjerne usikre og begynner å lure på om vi har sagt noko uvesentleg eller dumt. Viss dette skjer mange nok gonger, skal det etter kvart mykje til før vi igjen tør å ta ordet. Vi blir "usynlege".

Dobbeltstraffing

Med dobbeltstraffing meiner vi at same korleis vi reagerer, blir reaksjonen tolka i verste meining. I videoklippet ovanfor såg du eit utdrag frå eit program med Linn Skåber. Skåber demonstrerer på ein mannleg kollega kva det vil seie å ha "null sjanse": "Gå på kjøkenet og smør ei brødskive til meg", kommanderer ho. Når mannen blir forvirra og protesterer mot noko som han tykkjer er urimeleg, gjer Linn narr av reaksjonen hans. Hadde han reist seg og verkeleg laga ei brødskive til ho, ville ho sannsynlegvis òg ledd av dét og påstått at han da måtte skjønne ein spøk.

Les meir om hersketeknikkar:

  1. 1«Hersketeknikk». Risdal, Jon Sandvik, Hilde. Spartacus. 2007.

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse