Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. Smilet – eit universelt språk?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Smilet – eit universelt språk?

Kroppsspråk kan ha mange ulike tydingar i forskjellige kulturar. Smilet, derimot, er eit av dei få andletsuttrykka som forskarane har funne har den same grunnleggjande tydinga i dei fleste kulturar.

Oppgåve 1

Er det slik at eit smil har ei universell tyding?

  • Sjå på påstanden om at smilet kan ha den same grunnleggjande tydinga, uavhengig av kultur. Stemmer det, trur du?
  • Er tydinga av det å smile noko som vi i så fall er fødde med, eller er det noko vi har lært?
  • Blir eit smil alltid oppfatta som positivt?

Oppgåve 2

Menneske med ulike klede, hår- og hudfarge. Illustrasjon.
Alle smiler på same språk
  • Kva tenkjer du når du ser teikninga her? Kva trur du kunstnaren vil uttrykkje?
  • Kva er det mest iaugefallande du finn i teikninga?
  • Sjå på fargane. Kva uttrykkjer dei? (konnotasjonar, positivt, negativt, stemning)
  • Illustrasjonen har teikneseriepreg (cartoon). Kvifor trur du kunstnaren har valt denne uttrykksforma?
  • Kunstnaren har prøvd å få fram mange kulturar i illustrasjonen. Kva for kjenneteikn på ulike kulturar ser du?
  • Kunstnaren har kalla teikninga si Alle smiler på same språk. Synest du han har fått fram dette i teikninga?

Oppgåve 3

Lag ei undersøking:

De skal no undersøkje kva om skjer når de i ein offentleg situasjon smiler til tilfeldig forbipasserande. Noter kva for reaksjonar de fekk når de smilte eller lét vere å smile til ein person.

Desse reglane gjeld:

  1. Vel ein stad der de ikkje er aleine. Tenk dykk om.
  2. Personen skal vere ein framand. Vel især personar på dykkar eigen alder, nokre barn og vaksne av kvart kjønn.
  3. Du skal oppnå augekontakt med personen, uansett om du smiler eller ei, for å vere sikker på at han eller ho har sett deg.
  4. Bestem deg for om du vil smile eller ei før du nærmar deg ein person, og hald fast ved den avgjerda.
  5. Vel helst ein person som er aleine. Det påverkar reaksjonane til folk når dei er saman med andre.
  6. De går to saman, men litt frå kvarandre når de nærmar dykk ein person.

Dette skal de merke dykk:

  • Var det vanskeleg eller lett å la vere å smile, viss ein person sjølv smilte fyrst?
  • Korleis kjentest det å smile til ein person, som ikkje smilte attende?
  • Er det alders- eller kjønnsskilnader i reaksjonane til folk?
  • Kva for tilhøve kunne ha ført til andre resultat: tid, stad, vêr?
  • Kva for typar av smil observerte de?

Summer opp funna de har gjort, i klassen. Kva for observasjonar har de gjort? Kan de trekkje nokre konklusjonar om den universelle tydinga av smil? Smiler heile verda på same språk?

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse