Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Språk og samtaleanalyse

Kva vil det seie å ha språkkompetanse? Du skal kunne uttrykkje deg grammatisk korrekt, men også vite korleis du kan bruke språket i ulike situasjoner. Frå du er liten utviklar du både ein grammatisk kompetanse og ein kommunikativ kompetanse.

Smilende multietniske gutter håndhilser. Foto.
Å helse korrekt krev både språkleg og kommunikativ kompetanse.

La oss sjå på denne ytringa:«Gi meg ein til!» Utsegnet kan analyserast som ei grammatisk korrekt setning. Men kva slags meining vi skal knyte til ytring, blir ikkje klart utan av vi kjenner situasjonen ytringa har komme i, konteksten. Ordet kjem av latin: «kon» betyr «med». Kontekst er altså det som følgjer med teksten, omgivnadene, det som er rundt teksten, både språklege og ikkje-språklege omgivnader.

Grammatisk kompetanse

Vi brukar vår grammatiske kompetanse til å analysere setninga ut frå dei reglane som gjeld i norsk. Vanleg norsk grammatikk gjer bruk av fire studiegreiner:

  • Semantikk er oppteken av å tyde ord og setningar.
  • Syntaks er setningsbygninga, korleis ord følgjer etter kvarandre
  • Morfologi er ord- og bøyingslære.
  • Fonologi studerer reglane for korleis vi uttalar orda.

Døme

Du kan eksperimentere med å byte rundt på dei fire orda i setninga vi innleidde med, som til dømes «Gi ein meg til», «Meg gi til ein» eller «Ein meg til gi». Syntaksen er viktig for å få ei meining i setninga. «Gir meg …», «Gav meg …», «Har gitt …», osb. viser korleis ulik bøying endrar meininga. «Ji mei en till» illustrerer at korrekt skrivemåte avvik frå uttalen, fonologien er oppteken av korleis vi uttalar orda.

Kommunikativ kompetanse

Vi brukar vår kommunikative kompetanse for å finne meininga med utsegnet over. For å forstå kva ytringa «Gi meg ein til!» refererer til, må vi kjenne konteksten, det som er rundt teksten. Pragmatikk er læra om kva setningar betyr i kontekst. Dersom du får vite at «Gi meg ein til!» er uttalt utanfor ei iskrembu, får ytringa straks ei meining.

Dersom utsegna er uttalt i ein boksekamp, blir meininga ei heilt anna. Det er altså ikkje tydinga av dei enkelte orda som gir meining til utsegna, men situasjonen og aktiviteten orda blir uttalte i som gjer det mogeleg å tolke utsegna. Mens semantikken studerer tydinga av enkeltord, fraser og setningar utan referanse til kontekst, er det i pragmatikken vi studerer meininga med utsegna.

Når vi skal lære eit framandspråk, eller når utlendingar skal lære norsk som framandspråk, kan vi seie at vi har oppnådd ein kommunikativ kompetanse når vi klarer å bruke og forstå språket i daglegdagse situasjonar på ein formålstenleg måte.

Studiet av språk

Studiet av språk som system og struktur kallar vi grammatikk, mens studiet av språket i bruk blir kalla pragmatikk. Strukturalisten og semiotikaren Ferdinand de Saussure skilde mellom «langue», språk som system, studiet av orda sine uttrykk (det karakteriserande) og innhald (det karakteriserte), og «parole» det munnlege språket, språket i bruk.

Saussure meinte at det var språket som system som let seg studere vitskapeleg. Også Noam Chomsky var oppteken av språket som system. Andre forskarar, som til dømes Dell Hymes, meinte at språket ikkje kan forståast berre som eit system. Språket må forståast ut frå samfunnet og samanhengen det blir brukt i, derfor er språk og kultur nøye knytte saman. Sosiolingvistikk, språkvitskap i samfunnet, har blitt ei viktig studiegrein.

Etter kvart som vi veks opp, lærer vi, i samspel med omgivnadene våre, korleis vi kan bruke språket, til dømes korleis vi skal helse, kva slags ord vi skal velje, når vi kan seie noko, når det er best å teie stille, når vi kan gripe ordet og når vi overlet det til andre. Pragmatikk dreier seg blant anna om «kva vi kan seie til kven på kva slags måte».[1]

Språkstil

Språkstil, om vi skal velje ein høgtideleg tone, eller ei meir daglegdags uttrykksform, avheng av omgivnadene, kven vi snakkar med, kva som er formålet med ytringane og situasjonen. I fagartikkelen Stilnivå kan du lese meir om språkstil og stilnivå.

I ein samtale er intonasjon og trykk, prosodi, med på å skape ein kontekst for talehandlinga. Tonestyrke, tempo, stemmebruk, såkalla paralingvistiske verkemiddel, er også viktige signal som ikkje kan lærast av ei ordbok, dei kan lærast best i praktisk bruk.

I denne delen om språk og samtaleanalyse skal vi hovudsakleg ta for oss pragmatikken, språket i bruk, og gi nokre verktøy som kan hjelpe oss i samtaleanalyse.

  1. 1«Alt jeg kan si». Glomnes, Eli. Cappelen akademisk forlag. 2001.

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter