1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. MediumChevronRight
  5. Visuelle mediumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Visuelle medium

Det som er visuelt, er det som er bygd på synsinntrykk, altså det vi kan sjå. Visuelle medium formidlar noko til synet. Alle former for illustrasjonar kan vi karakterisere som visuelle medium. Det kan også skrift, teiknspråk, dans og arkitektur.

Helleristninger i Alta. Foto.
Helleristninger i Alta

Oppfinninga av skrifta var synliggjering av munnlege signal og gjorde det mogleg for menneska å kommunisere på heilt nye måtar. Men kommunikasjon med synlege teikn, slik som handrørsler, ansiktsmimikk og kroppsrørsler er nok like gammalt som menneskerasen.

Som vi har sett, er holemåleria eldre enn skrifta. Menneske har brukt dette mediet gjennom mange tusen år. Helleristingane i Alta er daterte til å vere frå ca. 4200 f. Kr. og til ca 500 f. Kr. Dei viser teikningar av reinsdyr, fisk og båtar.

Egyptiske hieroglyfer. Foto.
Egyptiske hieroglyfer

Bilete, fotografi, skulpturar, arkitektur, tekstilar, brukskunst, dans og ballett og ritual er visuelle medium ofte kombinerte med andre medium.

I denne presentasjonen kan vi ikkje gi ei utfyllande framstilling av alle dei visuelle media som finst. Vi tek berre med nokre døme. Lærarar og elevar kan eventuelt velje å fordjupe seg i nokre typar medium og gjennomføre meir djuptgåande analysar.

Teikn

I kurset for KK1 hadde vi eit heil bolk om ikkje-verbal kommunikasjon. Vi skal derfor ikkje gjenta det her, men det kan vere greitt for deg som les å repetere det. Vi definerte teikn som «noko som står for noko anna enn seg sjølv». Kva det står for, er oftast basert på ein konvensjon (ein avtale) mellom dei som brukar teikna. Alle typar teikn er derfor også medium som kan brukast til å kommunisere med.

Teiknspråk

Døve brukar teikn som kommunikasjonsmedium. Ved hjelp av handrørsler og mimikk har dei utvikla eit eige språk basert på visuell kommunikasjon. Dette språket har ein eigen grammatikk som er like kompleks som grammatikken for vanleg talespråk. Grammatikken har reglar for korleis handformer, rørsle av hendene, armane og ansiktsuttrykket kan kombinerast og brukast.

Kommunikasjon på teiknspråk

I Noreg er norsk teiknspråk anerkjent som eit minoritetsspråk på lik linje med samisk, kvensk, urdu eller andre språk som minoritetar i Noreg talar. Det er førstespråket eller morsmålet til mange døve, høyrselshemma og ein del høyrande i Noreg. For å omsetje frå talespråk til teiknspråk og omvendt trengst døvetolkar.

Teiknspråk

Teiknspråket er ikkje internasjonalt. Teiknspråka har utvikla seg like naturleg som talespråka på ulike kantar av verda. Døve må derfor bruke tolk når dei skal kommunisere med døve frå andre land. Men oftast har dei lettare for å forstå kvarandre fordi mange av teikna er ikoniske; dei liknar på det dei skal representere.

Sjå ei teiknordbok her

Døme

Teiknspråket i USA og teiknspråket i Storbritannia er nokså ulike sjølv om talespråket i begge landa er engelsk. Dette har historiske årsaker. I USA ligg teiknspråket nærmare fransk teiknspråk. Teiknspråket på Madagaskar er ikkje så ulikt teiknspråket i Noreg, fordi det var norske misjonærar som først tok opp arbeid blant døve og høyrselshemma på Madagaskar.

Bilete

Bilete kan vere av mange slag: Teikningar, teikneseriar, skisser, fotografi, reklame, måleri, røntgenbilete og mange fleire.

I staden for å beskrive alle moglege typar, skal vi her fokusere på kva bileta kommuniserer og gi nokre tips som kan hjelpe oss til å tolke dei. Mens mediet er instrumentet, er sjangeren heilskapen der både mediet, innhaldet og forma er med. Vitskapen om beskriving og tolking av bilete kallast ikonografi (ikon = bilete, graphein = skrive).

Som annan tekst kan vi også vurdere bilete i forhold til ulike biletsjangrar. Kva slags bilete dreier det seg om? Er det reklamebilete, kunstbilete, dokumentarfotografi, familiefotografi, medisinske bilete eller propagandabilete? Kvar sjanger har sine konvensjonar (bevisste eller ubevisste avtalar) om kva slags type bilde som blir brukt i ein bestemt samanheng.

Sjangerkonvensjonar

Avsendaren som har laga biletet, eller sett det inn i ein samanheng, har visse forventningar til korleis biletet skal tolkast. Mottakaren, sjåaren, har det også. Dersom du går på det norske Nasjonalmuseet, ventar du å finne måleri av dei gamle klassikarane. På museet for moderne kunst har du andre forventningar. I avisa leitar du etter dokumentarfotografi som ofte «fortel meir enn tusen ord», som det heiter.

Det kan også vere interessant å leggje merke til at det av og til blir nytta sjangerbrot for å vekkje merksemd. Innanfor reklame blir bilde brukte i samanheng med tekstar. Av og til blir det brukt uventa kombinasjonar av bilde og tekst som bryt med sjangeren reklame.

Når ein skal tolke eit bilde, kan det også vere nyttig å sjå det i forhold til stilhistorie. Når blei bildet produsert, av kven og med kva formål? Kva slags teknikkar var vanlege? Korleis var konvensjonane for perspektiv, djupn, fargebruk? Kva kan vi lære dersom vi samanliknar bildet med andre bilde frå den same tidsepoken? Korleis braut kunstnarane konvensjonane og skapte nye sjangrar?

Vi kan også finne ulike konvensjonar innanfor ulike kulturelle tradisjonar. Kinesarane måla ofte på «scrolls» som hadde loddrette format. Bilda endra seg i forhold til ulike dynasti. I bilda finst ofte symbol og kodar som er kulturbestemte. Dei kan vere knytte til religion og historiske hendingar.

Døme

Dyrekretsen
Dyrekrinsen

I Kina er kvart år knytt til eit dyr i den kinesiske dyrekrinsen (zodiaken). Det er tolv dyr: Rotta, oksen, tigeren, haren, draken, slangen, hesten, geita, apen, hanen, hunden og grisen. Dine eigenskapar vil avhenge av kva år du er fødd i. Kinesiske astrologar kan også fortelje deg kva slags partnar som vil passe for deg ut frå kva år du er fødd i. Ein som er fødd i rottas år er for eksempel sjarmerande og vil tiltrekkje seg det andre kjønnet. Hardt arbeid og suksess er knytte til rotta. Dei vil passe til partnarar som er fødde i drakens, apens eller oksens år.

Mens vi ser på rotta som eit ekkelt og ureint skadedyr, har altså rotta ein positiv posisjon i kinesisk kultur. Kjennskap til ulike biletepraksisar kan også vere nyttig om ein skal tolke eit bilete. I gamle familiealbum ser vi at det var vanleg at ein måtte kle seg fint og stille opp for fotografen. Å ta bilete var ei høgtideleg sak. Dette skil seg sterkt ut frå våre dagars praksis ved fotografering.

Komposisjon

Portrett og landskap kan ein gjere med «teikning med lys» – fotografi. Kunnskap om teknikk kan fortelje mykje om biletet. Eit fotografi er bunde av lys, djupneskarpleik og utsnitt. Kva er den største skilnaden mellom måleri og fotografi i framstillinga av eit motiv? Kva fortel format, biletvinkel og bileteutsnitt? Kva med bruk av fargar, lys og skygge?

Andre moment som kan vurderast: forgrunn, bakgrunn, linjer i biletet, plassering av figurane? Bruk av tekst i samband med eit bilete kan leie tolkinga i ei bestemt retning. Teksten kan også stå i kontrast til det biletet viser og dermed gi sjåaren assosiasjonar utover det biletet viser. Bilete kan også setjast saman med andre bilete. Det kallast biletmontasje. Då oppstår det nye, moglege tolkingar.

Læringsressursar

Medium

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter