Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Om Kommunikasjon og kultur 3ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Om Kommunikasjon og kultur 3

Programfaget Kommunikasjon og kultur 3 er eitt av to programfag som byggjer vidare på Kommunikasjon og kultur 1. I Kommunikasjon og kultur 3 fordjupar vi oss i korleis kulturelle faktorar påvirkar mellommenneskelege relasjonar og sosiale strukturar.

To elevar samarbeider. Foto.
Elevar øver til eksamen.

Om faget

Faget har dei to hovudområda "kultur- og kommunikasjonsteori" og "kommunikasjon". Læringsressursane kan dekkje kompetansemål frå eitt eller begge hovudområda. I nokre tilfelle er det også aktuelt å trekkje inn fagstoff frå både KK1 og KK2, fordi faga har overlappande emne. Oppgåvene har både ei praktisk og teoretisk tilnærming til faget.

Kultur- og kommunikasjonsteori

For dette hovudemnet finst følgande kompetansemål:

Eleven skal

  • gjøre rede for ulike teorier om forholdet mellom kultur og kommunikasjon
  • analysere og drøfte hvordan kommunikasjon påvirker mellommenneskelige relasjoner og sosiale strukturer
  • analysere og drøfte hvordan kommunikasjon påvirkes av sosiale faktorer
  • drøfte sammenhengen mellom kulturelle verdier og kommunikasjonsformer innenfor og mellom kulturer

Læreplanen presiserer at eit viktig hovudområde er korleis kulturelle faktorar påverkar kommunikasjon. Det blir også lagt vekt på kulturelle verdiar som er sentrale for ulike former for kommunikasjon, og kva utfordringar ulike kulturmøte representerer. Aktuelle kommunikasjonsteoriar som blir nemnde, er samtaleanalyse, pragmatikk og semiotikk.

Kommunikasjon

For dette hovudområdet er desse kompetansemåla aktuelle:

Eleven skal

  • velge ut egnede analysemetoder fra ulike kommunikasjonsteorier og bruke dem på forskjellige typer kommunikasjon
  • gjøre rede for samspillet mellom språklige og ikke-språklige uttrykksformer i ulike kommunikasjonsprosesser
  • gi eksempler på og drøfte ulike mediers muligheter og begrensinger for ulike former for kommunikasjon
  • analysere språklige mønstre og samtaleformer i kommunikative aktiviteter i ulike situasjoner
  • samle inn et datamateriale fra autentiske kommunikasjonssituasjoner og presentere muntlig en analyse av det
  • gjennomføre en presentasjon om kulturell identitet og/eller kulturforskjeller

Sentralt i dette hovudområdet er kommunikasjonsprosessar og sosial samhandling i ulike samanhengar, sjangrar og situasjonar. Alle former for kommunikasjon som skapar og opprettheld sosiale relasjonar, og rolla til meia, skal belysast.

Vurdering og eksamen

Elevene kan bli trekte ut til skriftleg eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeida og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeida og sensurert lokalt.

Læringsressursar

Om Kommunikasjon og kultur 3