1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Teoriar om tekstChevronRight
  4. Forteljings- og forteljeteoriChevronRight
  5. Påliteleg og upåliteleg forteljarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Påliteleg og upåliteleg forteljar

Når vi høyrer nokon fortelje noko til oss, kan vi anten tru på det som blir fortalt, eller ikkje tru på det. Den som fortel ei historie kan gjere det objektivt, eller han kan farge historia ut frå eigen interesse.

I ein skriftleg tekst seier det seg nesten sjølv at forfattaren har siste ord i det å bestemme utforming. Vi tenkjer difor ofte på han som ein autoritet i teksten. I sjølve lesesituasjonen stiller det seg imidlertid noko annleis. Her er ikkje forfattaren til stades, og vi er i staden prisgjevne forteljaren sin vilje til å fortelje "sanninga" og ikkje minst dei kunnskapane denne måtte ha om det fortalde.

Kan vi stole på forteljaren?

I skriftlege fiksjonstekstar er det nærast ei norm at forteljaren er til å stole på. Som lesarar kan vi som regel ikkje vite alt om det universet som historia går føre seg i. Forteljaren må velje ut den informasjonen som er viktig for å forstå handlinga. Ofte er også slik at den informasjon vi får av forteljaren inneheld viktige føresetnader for både å forstå kvifor personane tenkjer og handlar som dei gjer, og ikkje minst kvifor det går som det går til slutt.

Litteraturprofessor Jakob Lothe[1] trekk fram eit døme frå Bibelen som illustrerer dette: "I landet Us budde det ein mann som heitte Job. Han var ein ærleg og rettvis mann, som hadde age for Gud og heldt seg frå det som vondt var."

Dette er frå innleiinga av Jobs bok, og det vi får høyre om hovudpersonen Job her er heilt avgjerande for å forstå konflikten i historia: Job gjer aldri noko gale og handlar alltid slik Gud vil. Likevel misser han alt han eig.

Ein påliteleg forteljar

I forteljinga om Job er vi avhengig av ein påliteleg forteljar; ein forteljar som fortel sanninga og som ikkje bryt med norma i verket. Som vi har sagt ovanfor, er norma i teksten alltid knytt til den implisitte forfattaren. I dette tilfellet kan vi seie at norma og den implisitte forfattaren har eit ønskje om å formidle ein kristen bodskap.

Det er ingenting i forteljinga om Job som indikerer at forteljaren ikkje snakkar sant, og vi vel difor å tru på forteljaren i teksten og akseptere han som ein påliteleg forteljar.

Ein upåliteleg forteljar

Av og til kan vi derimot sjå teikn i teksten på at forteljaren ikkje fortel heile sanninga, eller sanninga i det heile tatt. Lothe har sett opp tre trekk som kjenneteiknar ein upåliteleg forteljar:

  1. Forteljaren har avgrensa kunnskap eller innsikt i det han fortel om.
  2. Forteljaren er sterkt personleg engasjert (på ein måte som gjer både framstilling og vurdering påfallande subjektiv).
  3. Forteljaren synest å representerer eit "verdisystem" som kjem i konflikt med det den samla representerer.

Ein upåliteleg forteljar er i høg grad med på å gi forteljinga eit vaklande og usikkert preg. Dette er eit verkemiddel som kan ha nokså sterk verknad på den som les verket og. det tilfører ofte ein ekstra dimensjon til det å lese.

Dette er eit forteljargrep og eit verkemiddel som vi sjølvsagt må føre attende til og sette opp mot den implisitte forfattaren. Ein upåliteleg forteljar vil nemleg bryte med norma som den implisitte forfattaren representerer. Gjennom å bruke ein upåliteleg forteljar blir lesaren involvert i forteljinga på ei nytt nivå. Vi får sjølv ta del i ei ganske konkret kjensle; kan vi eigentleg stole på det vi les no? Eit slikt spørsmål kan i seg sjølv vere ein sentral verdi i eit verk.

  1. 1«Fiksjon og film. Narrativ teori og analyse». Lothe, J. Universitetsforlaget. 1996.

Læringsressursar

Forteljings- og forteljeteori