1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Teoriar om tekstChevronRight
  4. Forteljings- og forteljeteoriChevronRight
  5. Personal forteljarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Personal forteljar

Som ein motsetnad til den autorale forteljaren som står utanfor handlinga, kan vi sette opp den personale forteljartypen. Denne kan enklast kjennast att på bruken av personleg pronomen som ”eg” i omtalen av seg sjølv.

Forteljaren er ein del av forteljinga

Sidan det også finst døme på autorale forteljarar som bruker personleg pronomen om seg sjølv, må vi også slå fast at ein personal forteljar sjølv er med i handlinga. Han er altså ein del av det det blir fortalt om. Det betyr likevel ikkje at han treng vere ein hovudperson. Han kan godt vere ein bi-person og mindre sentral i historia, eller han vere redusert til å vere berre eit "vitne" til det det blir fortalt om.

Frode Grytten si novelle "Eg blir her, eg drar ikkje" frå novellesamlinga med same namn inneheld eksempel på ein slik forteljartype:

”Eg går fram i baugen på ferja. Det luktar tang og sjø. Eg går ikkje ned i salongen, orkar ikkje. Eg blir ståande ute på dekk”.[1]

Her ser vi at den som fortel og den det blir fortalt om er ein og same person. I dette tilfellet er forteljaren også den sentrale personen i handlinga. På den måten får vi også betre kjennskap til kva og korleis denne tenkjer og føler. Synsvinkelen er lagt til denne forteljaren, og det er denne vinkelen lesaren også må rette seg etter. I dette tilfellet er den som fortel også deltakande i hendingane det blir fortalt om. Då seier vi at forteljaren er dramatisert.

Men forteljaren kan også vere udramatisert – då er han ikkje ein del av det fortalte.

Autoral eller personal forteljar?

I skriftlege fiksjonstekstar står ein fritt til å velje mellom autoral og personal forteljar. Det gjer ein for så vidt også i fiksjonsfilmar, men generelt kan vi seie at autorale forteljarar er mest vanleg her.

Vi kan ikkje setje opp reglar for kva tid det skal brukast autoral forteljar og kva tid det skal brukast personal forteljar. Det som er viktig å tenkje på er at val av forteljar får nokså store konsekvensar for teksten, og ikkje minst dei som skal lese han.

Vi får til dømes eit tettare forhold til og eit meir personleg innblikk i personane om vi vel éin forteljartype, og i nokre forteljingar er nettopp det eit viktig poeng. I tekstar som til dømes tek opp nære og intime tema, kan ein personal forteljar legge fram opplysningar og fange stemningar som ein autoral forteljar ikkje utan vidare kan. I mange tekstar føregår også hovudhandlinga på eit indre plan, i sjelelivet til personane. Også i slike tekstar vil ein personal forteljar ha ein fordel. .

Ein autoral forteljar gir derimot teksten eit meir dokumentarisk preg og framstår som objektiv. Han er også ofte opnare for lesaren, fordi det er færre føringar i teksten. Det blir i større grad opp til kvar einskild lesar å danne seg eit bilete av personane.

Skjemaet nedanfor oppsummerer skilnaden mellom dei to forteljartypane

Forteljartype Deltar i historia Pronomen/tiltale Forhold til det fortalte Døme
Autoral Nei 3.pers: han, dei... eller særnamn Objektivt "Guten gikk for å opne, men bråstansa då han kom ut på glasverandaen."
Personal Ja 1.pers: eg, min... Subjektivt"Eg går ikkje ned i salongen, orkar ikkje."
  1. 1«Eg blir her, eg drar ikkje». Grytten, Frode. Det Norske Samlaget. 1995.

Læringsressursar

Forteljings- og forteljeteori