Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Teoriar om tekstChevronRight
  4. Teoriar om tekst og kulturChevronRight
  5. Retorisk analyseChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Retorisk analyse

Å gjere ein retorisk analyse av ein tekst går ut på å avsløre korleis ein tekst verkar overtydande, eventuelt ikkje overtydande. Nedanfor finn du eit oppsett for retorisk analyse med forslag til ei rekkje spørsmål du kan sjå nærare på.

Oppgåve

Analyser ein valfri tekst. Her får du tips til to nettsider med lenker til norske politiske talar og utanlandske talar frå 1500-talet og opp til i dag:

Tilpass spørsmåla til teksten

Du kan bruke spørsmåla på både munnlege og skriftlege tekstar. Det er ikkje sikkert alle spørsmåla vil vere like relevante for alle tekstar. Du må då velje ut det du synest er mest relevant. Det er også viktig at du ser dei ulike punkta i samanheng, og også at du kommenterer verknaden av dei. Oppsettet er laga med utgangspunkt i boka Retorikk i skolen[1]

Spørsmål du kan ta utgangspunkt i

Kairos: den retoriske situasjonen

  • Kva er kommunikasjonssituasjonen (avsendar, medium, mottakar)?
  • Kva er den retoriske situasjonen? Kva er den spesielle situasjonen som teksten spring ut av?
  • Korleis regulerer omstenda kva avsendaren kan seie, eller ikkje seie?

Inventio

  • Kva er dei viktigaste innhaldsmomenta i teksten?
  • Kva slags tema eller saker tar teksten opp?
  • Kva «stader» (topoi – flertall av topos) er brukte for å finne argument, tildømes personlege erfaringar, døme, forsking, statistikk, kontrastar, samanlikningar?

Dispositio

  • I kva rekkefølgje kjem innhaldsmomenta?
  • Korleis er innleiinga, saksframlegginga og avsluttinga?

Elocutio

  • Kva slags stil (enkel, mellom, høg) har avsendaren valt?
  • Er språket enkelt eller vanskeleg? Er det klart og presist?
  • Kva tropar og figurar er brukte?

Aptum

  • Kva høver internt? Kva er forholdet mellom innhald, komposisjon og stil?
  • Er det eit høveleg (passande) forhold internt i teksten?
  • Kva høver eksternt? Kva er forholdet mellom avsendar, mottakar, saka og omstenda?
  • Er det eit høveleg (passande) forhold mellom teksten og omgivnadene?

Appellformene: etos, patos, logos

Etos

  • Kva slags truverdige karaktertrekk prøver avsendaren å få fram (fornuft, dyd, velvilje og/eller autentisitet), og korleis kjem det til uttrykk i teksten?
  • Viser avsendaren til sin eigen person når han argumenterar, eller ligg det skjult i teksten slik at han/ho spelar på forventningane våre til han/henne?
  • Har avsendaren ein posisjon før han eller ho begynner å tale, til dømes som statsminister eller konge?

Patos

  • Kva slags kjensler prøver avsendaren å vekkje hos mottakarane, og korleis gjer han/ho det?
  • Korleis har avsendaren brukt tropar og figurar?
  • Er det eit kunstferdig og poetisk språk med elegante setningar og vakre språklege bilete?
  • Korleis er ordvalet og setningane?

Logos

  • Korleis er argumentasjonen bygd opp?
  • Finn du døme og/eller entymem?
  • Kva slags argumentasjonstype er brukt (forsvar, skulding, lovprising, kritikk, tilråding eller åtvaring)?
  • Er argumentasjonen haldbar og relevant?

Actio

Dersom teksten blir framførd munnleg, kan du sjå på presentasjonsforma.

  • Korleis er talemåten?
  • Korleis er omgivnadene rundt talaren?
  • Kva har talaren på seg?

Konklusjon og vurdering

  • Verkar teksten overtydande?
  • Er argumentasjonen haldbar?
  • Kunne avsendaren gjort noko annleis for å verke meir overtydande?
  1. 1«Retorikk i skolen». Bakken, Jonas. Universitetsforlaget. 2009.

Læringsressursar

Teoriar om tekst og kultur