Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
  5. UngdomsgenerasjonarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ungdomsgenerasjonar

Store historiske hendingar kan påverke ein heil ungdomsgenerasjon. Det kan gi seg utslag i andre verdiar og haldningar enn generasjonen før. Har du opplevd noko som vil prege framtida di?

Ein gjeng ungdommar som sit på toget og lyttar til ein Kurer reiseradio. Foto.
Kva prega ungdomsgenerasjonen på 50-talet?

Generasjonar blir forma av personar i same livsfase og som møter same livsbetingingar. Ein ungdomsgenerasjon er ungdom som lever på ei og same tid og som har ei felles oppleving av sentrale historiske hendingar.

Sosiolog Ivar Frønes hevdar at alderen din når noko skjer, anten det er historiske hendingar eller familiehendingar, er avgjerande for korleis desse hendingane påverkar deg. Inntrykka du får i ungdomstida opplevast ofte sterkare enn dei du får som barn og vaksen. Då er du oppteken av å finne din eigen identitet, og er derfor gjerne meir open og påverkeleg.

Diskuter med ein medelev: Er du meir open og påverkeleg enn vaksne? Grunngi svara dykkar!

Foreldra dine hugsar andre opplevingar enn deg frå sin ungdomstid. På denne måten kan det oppstå eit generasjonsskilje mellom ungdom og vaksne; dei kan ha ei ulik oppfatning av samfunnet.

Historiske hendingar påverkar generasjonar

Eit viktig aspekt ved forskinga til Frønes er korleis desse hendingane påverkar ein ungdomsgenerasjon når dei trer inn i nye livsfasar. Ungdommane tek med seg erfaringane, verdiane og haldningane inn i vaksenlivet, og det kan skape sosiale endringar i forhold til tidlegare generasjonar. Det kan til dømes gi seg utslag i ein annan politikk.

Generasjonane opplever altså ulike historiske føresetnadar, og dei førestiller seg framtida si og liva sine på ulik måte. I samfunn som er i rask endring vil folk med forskjellig fødselsår møte ulike historiske verder. Desse verdene har ulike moglegheiter og avgrensingar. Viss forskjellane blir store, oppstår det generasjonskløfter.

Kva hugsar du?

Ofte hugsar vi kvar vi var då ei viktig historiske hendig fann stad. Eit døme på ei slik hending er angrepa på regjeringskvartalet og ungdommane på Utøya 22. juli 2011. Sannsynlegvis var du ikkje så gammal då.

  • Kan du hugse kvar du var då denne eller ei anna stor historisk hending inntrefte?
  • Har denne hendinga ført til nokon endringar i samfunnet? Diskuter med ein medelev.

Mellomkrigsgenerasjonen

Ein stor del av dei store barnekulla som blei fødde i Noreg mellom 1910 og ca. 1920 opplevde søkkande levestandard, arbeidsløyse og aukande fattigdom. Når de som unge vaksne kom i leiarposisjonar etter andre verdskrigen, fekk dette konsekvensar for politikken som blei ført.

I atterreisinga av Noreg som nasjon blei det lagt vekt på at unge menneske skulle danne familie, få arbeid og eigen heim. Kjernefamilien blei eit ideal, og husmoridealet førte til at mange kvinner ikkje kom seg i arbeid. Denne samfunnsendringa kan vi forstå som eit resultat av denne generasjonen sine tidlege erfaringar.

Dykk inn i fortida: I dette kåseriet frå 1958 møter du eit tidsbilete frå ei tid då rock n' roll var ein ny og omdiskutert ungdomskultur, som mange vaksne var skeptiske til.

Lær betre: Stopp lydfila fleire gongar undervegs, og skriv ned hovudpoenga med eigne ord.

Oppsummer: Kva slags inntrykk får du av "rocke-gutane" når du høyrer kåseriet?

Etterkrigsgenerasjonen

Topplaus dame med langt hår, panneband og kroppsmåling. Foto.
På 70-tallet blomstrar hippie-kulturen. Det var viktig å markere avstand til foreldregenerasjonen, gjerne ved å provosere.

Ungdomsgenerasjonen på 1960-talet og byrjinga av 1970-talet blei kjent som opprørarar og utfordrarar av det etablerte. Det var ein aukande velstand i samfunnet, og fleire og fleire tok høgare utdanning. Det blei ei generasjonskløft mellom ungdom som hadde vakse opp i mellomkrigstida og ungdommen i etterkrigsgenerasjonen.

Generasjonskløfta handla i hovudsak om kulturelle forandringar. Dette blei synleg i møblar, klede, etevanar, verdiar og haldningar. Ungdom lét gjerne håret gro, praktiserte fri kjærleik, kvinner kasta BH-en og fleire eksperimenterte med narkotiske stoff.

Fødselskullet frå 1946 er det største i noregshistoria og er ein del av "babyboomen" etter andre verdskrig. Det skuldast både at mange kvinner var i fødedyktig alder, og at mange hadde utsett å få barn på grunn av krigen.

Aukinga i talet på barn fekk ei stor betyding for korleis ungdomsgenerasjonane blei sett på. Barna frå "babyboomen" blei en viktig faktor i studentopptøyane i 1968 og blir kalla "sekstiåttarane".

Gå i djupna: Kjenner du omgrepet "sekstiåttarane"? Les om kva slags historiske hendingar som forma denne generasjonen i denne artikkelen frå Store norske leksikon.

  • På kva slags måte farga Vietnamkrigen sekstiåttargenerasjonen?

Millenniumsgenerasjonen

Ungdommar som brukar sosiale medium. Illustrasjon.
Sosiale medium er med på å spreie vestleg kultur. Blir ungdom i dag meir like enn tidligare generasjonar?

Millenniumsgenerasjonen er eit omgrep som blir brukt om generasjonen fødd mellom byrjinga av 1980-åra og midten av 1990-åra. Det vil seie den generasjonen som var barn og ungdommar på slutten av 1990-åra og byrjinga av 2000-talet, rundt tusenårsskiftet.

På grunn av globaliseringa, sosiale medium, spreiinga av den vestlege kulturen og hurtige forandringar, har personar fra millenniumsgenerasjonen gjerne meir til felles med kvarandre enn dei har med eldre generasjonar i sitt eige land.

Gå i djupna: Korleis har ungdommen sine haldningar endra seg dei siste 70 åra? Sjå Guro Ødegård sitt foredrag "Skaper populisme generasjonskløft?"

Lær betre: Stopp videoen fleire gongar undervegs, og skriv ned hovudpoenga med eigne ord.

Oppsummer: Skriv eit kort svar på desse to spørsmåla:

  • Korleis har ungdommen sina haldningar endra seg dei siste 70 åra?
  • Skapar populisme ei generasjonskløft?

Snøfnuggenerasjonen

Snøfnuggenerasjonen er eit omgrep som sidan 2010-åra har etablert seg internasjonalt som nemning på generasjonen med fødselsår frå ca. 1997 og i 2000-åra. Det er avleia av det engelske uttrykket "Special Snowflake Syndrome". Det vil seie oppfatninga av at ein sjølv, eller ofte eins barn, er eit «unikt snøfnugg» og fortener særbehandling.

Uttrykket spelar dermed på ei generaliserande oppfatning av denne generasjonen er ein sjølvsentrert og lett krenkbar generasjon med lav toleranse for andre sine meiningar. Dei har blitt oppdregne av foreldra sine på en måte som har gjort dei bortskjemte og har gitt dei ei overdriven oppfatning av å vere svært unike og viktige. Omgrepet er omdiskutert.

Generasjon prestasjon

Ei anna nemning på dagens generasjonen med ungdom er "generasjon prestasjon". Med det meiner vi at ungdommen i dag er oppteken av å prestere på alle område i livet. Sjå videoen under og sjå om du kjenner deg igjen.

Tenk over: Kjenner du deg att i biletet som blir teikna av snøfnuggenerasjonen eller generasjon prestasjon? Kva for nemning meiner du er mest passande for din generasjon?

Kjelder

Frønes, Ivar, Hegge, Kåre & Myklebust, Jon Olav (Red.) (1997) Livsløp: Oppvekst, generasjon og sosial endring. Oslo: Universitetsforlaget AS.

Generasjon snøfnugg. (n.d.) Henta 20.12.2018 frå https://no.wikipedia.org/wiki/Generasjon_snøfnugg

Millenniumsgenerasjonen. (n.d.) Henta 20.12.2018 frå https://no.wikipedia.org/wiki/Millenniumsgenerasjonen

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Emojiar – eit nytt verdsspråk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.