Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
  5. Sosiale medium og nettkommunikasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosiale medium og nettkommunikasjon

Internett gjør det mogleg å kommunisere med få eller mange, og på mange ulike måtar. Ikkje minst har sosiale medium påverka korleis vi kommuniserer. Kven kommuniserer du med, i kva medium og på kva måte?

Facebook. Foto.

Facebook, Youtube, Twitter og Instagram er døme på sosiale medium, og blir gjerne også kalla web 2.0-teknologi. Nokre kjenneteikn for sosiale medium er at brukarane opprettar ein profil på ein nettstad. Her kan dei dele informasjon, utveksle erfaringar, diskutere, leggje ut bilete og videoar, og spele spel.

Språket i sosiale medium er gjerne metaforisk. På Facebook har du mange ”vener”, men ”vener” på Facebook er ikkje det same som vener i det verkelege livet. Og skriv du på veggen til nokon på Facebook, gjer du sjølvsagt ikkje det når du er på besøk hos vennene dine.

Tenk over: Kva for andre ord og omgrep bruker vi når vi snakkar om sosiale medium?

Trekk frå både munnleg og skriftleg kommunikasjon

Kommunikasjon i sosiale medium har kjenneteikn både frå skriftleg og munnleg kommunikasjon. Som i munnleg kommunikasjon kan det skje over kort tid, vere lite planlagt, og avstanden i tid og rom kan forsvinne. Ein viktig forskjell er at det kan lagrast. Avstanden i tid og rom kan nærast forsvinne, og vi kan føle sosial nærleik sjølv om den geografiske avstanden er stor.

Avstanden i tid kan variere, men mykje av nettkommunikasjonen skjer i sanntid og er avhengig av å bli lest her og no. Sjølv om innlegg blir liggande i ein historikk og er søkbare, forsvinn dei nedover i ein tråd eller på ein vegg.

Samtidig har nettkommunikasjon likskapstrekk med skriftleg kommunikasjon fordi vi skriv. Dei formelle krava er derimot ikkje alltid like strenge, men dette vil avhenge av sjangeren. Det er forskjell på å sende ein e-post og chatte, og mottakaren av e-posten eller den ein chattar med, vil vere med på å bestemme stil og språkbruk. Her kan sosiale faktorar som alder, kjønn, makt, yrke, sosial og økonomisk bakgrunn påverke kommunikasjonen.

Sosiale faktorer kan viskast ut

Sjølv om vi ovanfor sa at sosiale faktorar speler ei rolle i nettkommunikasjon (og i all kommunikasjon), kan faktorar som alder, kjønn, sosial klasse og yrke bli viska ut på nett. Kontaktar kan bli knytte der ein før neppe ville ha knytt kontaktar, og på mange måtar blir verda mindre. Grupperingar oppstår på tvers av vener og kjende. Vi ser ikkje den vi skriv med, og forholdet blir annleis enn om vi hadde møtt vedkommande i det verkelege livet. Dermed kan det også oppstå nye samband som bryt med tradisjonelle sosiale mønster.

Twitter er eit døme på eit nettsamfunn der all kommunikasjon skjer ope. Brukarane har 280 teikn til å skrive ei melding, og brukarane kan ha ”følgjarar” eller ”følgje” andre frå ei rekkje ulike sosiale grupper. Ein kan velje å følgje statsrådar, kjendisar, forfattarar, journalistar, kollegaer og venar. Via eit breitt nettverk følgjarar kan ein nå ut til mange menneske frå ulike sosiale lag og i ulike aldersgrupper samtidig, og det kan oppstå kommunikasjon mellom menneske som kanskje elles aldri ville kommunisert med kvarandre.

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Emojiar – eit nytt verdsspråk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.