Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
  5. Språk og identitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Språk og identitet

Språket ditt seier ganske mykje om kven du er. Det er tett knytt til identiteten din. Men korleis kan det da ha seg at du endrar språket etter kven du snakkar med?

Venner på kaffebar. Foto.

Når vi kommuniserer med andre, vil vi tilpasse språket vårt på ulike måtar. Den språklege tilpasningsteorien prøver å forstå og forklare dei vekslingane vi som språkbrukarar gjer. Denne teorien heng saman med psykologiske og sosiale mekanismar, og skil mellom to strategiar: Anten konvergerer vi, eller så divergerer vi.

Konvergerande språkbruk

Å konvergere vil seie at noko nærmar seg kvarandre. I denne samanhengen vil det seie at ein kan nærme seg språket til den ein snakkar med. På den måten kan vi oppnå likskap, men sosial status og makt vil avgjere om dette skjer einsidig eller gjensidig.

I eit middagsselskap med besteforeldra dine vil du neppe snakke heilt på same måten som med venene dine. Du kan då konvergere ved å leggje av deg nokre av dei typiske ungdomsuttrykka, og snakke slik at besteforeldra dine forstår deg betre. Då slepp du kanskje unna ein diskusjon om korleis du snakkar.

Divergerande språkbruk

Å divergere vil seie å halde fast på ein forskjell. Då held vi ved lag dei språklege forskjellane til den vi snakkar med, og vi kan framheve sosial identitet og markere sosial avstand gjennom språket. Ofte vil ein som ungdom vere opptatt av å markere avstand og bevisst markere gjennom språket at ein ikkje tilhøyrer same generasjon som foreldra sine.

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Emojiar – eit nytt verdsspråk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.