Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
  5. Er Internett eit massemedium?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Er Internett eit massemedium?

På Internett finn vi ei rekkje av dei same sjangrane som i massemedia, men også nyare sjangrar som bloggar, heimesider, spel og nettsamfunn. Det finst både likskapar og ulikskapar mellom Internett og dei tradisjonelle massemedia.

Kven er avsendar og mottakar?

Å seie kven som er avsendarane på Internett, er ei utfordrande oppgåve. I prinsippet kan alle vere produsentar dersom ein har tilgang til Internett. Dagens Internett blir gjerne kalla Web 2.0, nettopp fordi brukarane kan vere aktive og bidra med innhald. Dei kan raskt veksle mellom å vere avsendarar og mottakarar.

Enkeltindivid kan stå bak bloggar, heimesider og ulike kontoar på sosiale medium. Avsendarane kan også vere profesjonelle aktørar, som på nrk.no, tv2.no og dagbladet.no. Det er blitt meir og meir vanleg at slike nettstadar opnar opp for at mottakarane kan bidra med innspel og delta i diskusjonar, avstemmingar og liknande.

Mottakarane på Internett er spreidde og lite organiserte, på same måten som ved massemedium. Mottakarane kan vere kjende eller ukjende for avsendaren, og nettbrukaren kan leggje igjen elektroniske spor ved å kommentere ulike stader. Talet på mottakarar som avsendaren når ut til, kan variere. Dei mest populære bloggane i Noreg i dag har over 30 000 følgjarar.

Massemedium er opne for alle, men Internett kan ha lukka stader i form av eit intranett eller lukka grupper i sosiale medium. Ei læringsplattform som It’s learning eller ClassFronter er lukka stader på Internett for ei spesiell gruppe brukarar, i dette tilfelle elevar og lærarar.

Internett er både personleg og ope

Vi kan konkludere med at Internett er i ei særstilling når det gjeld massekommunikasjon. Det er på ein gong både eit massemedium og eit personleg medium.

“Veven forener to funksjoner som kommunikasjonshistorisk sett har vært atskilt: Den kan på kort tid formidle det samme budskapet til mange (lik massemedium som avisen), og den kan uten tidsforsinkelse formidle individuelle budskaper over store avstander (lik personlige medier som telegrafen og telefonen)."[1]

Internett har endra føresetnadene for kommunikasjon fordi det opnar for både personleg kommunikasjon og massekommunikasjon. Vi kallar dette personleg mediert kommunikasjon. [2] Via Youtube kan ein videosnutt som i utgangspunktet var tenkt for eit par mottakarar, raskt spreie seg til mange millionar menneske. Tradisjonelle massemedium som radio, tv og papiravis opnar i liten grad for dialog med mottakaren, men Internett gir store sjansar for tilbakemelding frå mottakarane.

Ei nettavis vil ha fortløpande debattar om aktuelle nyheiter der lesaren raskt kan ytre meininga si. TV-program har eigne nettsider der sjåarane kan leggje inn kommentarar om programmet, delta i avstemmingar og finne meir informasjon om programmet. På ein blogg kan det skje tovegskommunikasjon via kommentarar, samtidig som bloggaren kan nå ut til mange mottakarar som les både bloggen og kommentarane.

  1. 1«tekst.no. Strukturer og sjangrer i digitale medier». Schwebs, T Otnes, H. LNU/Cappelen Damm. 2006.
  2. 2«Mediemøter,». Asbjørnsen, D Liestøl, G Totland, G Aaberge, A. Aschehoug. 2006.

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Emojiar – eit nytt verdsspråk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.