Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
  5. Ulike former for kommunikasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike former for kommunikasjon

Kommunikasjon kan skje mellom alt frå to til mange millionar deltakarar. Det er ganske stor forskjell på desse situasjonane. Ikkje minst påverkar antall personar du skal kommunisere med, korleis samspelet blir.

Studentar i gruppe. Foto.
Det er forskjell på å kommunisere i ei slik gruppe, og å kommunisere med heile klassen.

Vi skil derfor mellom einvegs- og tovegskommunikasjon, og mellom personleg kommunikasjon, personleg mediert kommunikasjon, gruppekommunikasjon og massekommunikasjon.

  • Einvegskommunikasjon: Ved einvegskommunikasjon er det ingen dialog mellom avsendaren og mottakaren, til dømes i eit tv-program.
  • Tovegskommunikasjon: Ein samtale mellom to vener der begge partar er aktive, vil derimot vere tovegskommunikasjon. I ein samtale ansikt til ansikt vil mediet vere tale og kroppsspråk, mens du i ein telefonsamtale har telefonen og stemmen som medium.
  • Personleg kommunikasjon: Ein personleg kommunikasjon er individuell, tovegs og omfattar få personar. Det kan vere ein samtale mellom to vener, foreldre og barn, lærar og elev eller kunde og ekspeditør. I ein samtale ansikt til ansikt vil mediet vere tale og kroppsspråk, mens du i ein telefonsamtale har telefonen og stemma som medium.
  • Gruppekommunikasjon: Gruppekommunikasjon er også tovegs, men skjer innanfor ei større gruppe, til dømes ein diskusjon i klasserommet, chatting med fleire deltakarar eller ein diskusjon i ei Facebook-gruppe.
  • Massekommunikasjon: Ved massekommunikasjon formidlar avsendar ein bodskap til mange mottakarar gjennom eit medium, til dømes ei nyheitssending på TV2. Massemedia (presse, radio, fjernsyn og film) gjer det mogleg raskt å spreie informasjon til mange menneske samtidig gjennom eit medium.

Kva kjenneteikner massekommunikasjon?

Massekommunikasjon har nokre kjenneteikn[1] Avsendaren er profesjonell og kan bestå av mange menneske, til dømes eit tv-hus som NRK eller TV2. Samtidig kan avsendaren vere uklar fordi han/ho sjeldan opptrer åleine. I ei avis eller i ein radiostasjon vil det vere mange som er med på å lage produktet.

Ved massekommunikasjon er mottakarane ukjende for avsendar, og dei er også ulike. Mottakarane er mange, men det er ikkje alltid like lett å vite kor mange, og sjansen for tilbakemelding frå mottakarane er svært liten eller ingen.

I massemedia finn vi ulike sjangrar, og nokre av sjangrane går på tvers av media. Nyheiter og debattar kan vi finne både i radio, aviser og på fjernsyn, og vi kan lytte til ein konsert på radioen eller sjå han på fjernsyn.

  1. 1«God kontakt. Praktisk kommunikasjonslære». Kvalbein, A. Høyskoleforlaget. 1999.

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Emojiar – eit nytt verdsspråk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.