Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utvikling av mediesamfunnet

Det norske samfunnet har gått frå å vere eit tradisjonelt samfunn, via eit moderne samfunn, til eit postmoderne samfunn. Korleis har teknologien og samfunnsendringane påverka media og kvardagen vår?

Nærbilde av gammel Blaupunkt radio. Foto.
Høyrer du på radio? Mange som høyrer på radio i dag, bruker ikkje slike gamle apparatar.

I det tradisjonelle samfunnet, også kalla bondesamfunnet, dominerte den munnlege forteljemåten. Det var berre eit fåtal menneske som kunne lese og skrive, og skulle ein føre noko vidare, måtte ein hugse det. Dermed var det naturleg å bruke formlar som ”Det var ein gong” og gjentaking for enklare å hugse ei historie.

Industrialisering og teknologiutvikling

På 1800-talet starta utviklinga av det moderne samfunnet, eller industrisamfunnet. Den industrielle revolusjonen førte til store omveltingar. Ny teknologi blei teken i bruk, menneske blei erstatta av maskinar, nye samfunnsklassar voks fram og menneska var på veg inn i eit meir moderne samfunn. Skolegang blei etter kvart obligatorisk, og mange fleire lærte å lese og skrive. Dermed blei det også ein marknad for massemedia.

I tida etter 1860 blei fleire aviser etablerte i Noreg, noko vi må sjå i samanheng med samfunnsutviklinga. Arbeidarklassen voks, dei politiske partia blei etablerte, og det blei behov for stadig meir folkeopplysning. Avisene gjorde det mogleg å nå ut med informasjon til mange menneske samtidig.

NRK-logoen. Illustrasjon.
NRK-logo: Den klassiske logoen slik han har vore sidan fjernsynet kom til Noreg.
Logoen til NRK-programmet mp3. Illustrasjon.
NRK mp3-logo: Seinare har NRK fått fleire radio- og TV-kanalar. NRK mp3 er ein radiokanal for unge lyttarar.

Mot ein moderne mediekvardag

Norsk rikskringkasting (NRK) blei grunnlagt i 1933, og nordmenn kunne no lytte til radio. Etter andre verdskrig hadde nordmenn tilgang til aviser, film, radio og vekeblad. I 1960 starta dei første, faste fjernsynssendingane. No kunne ein få levande bilete direkte heim i stova, og ikkje berre på film.

I starten av TV-historia i Noreg var det berre NRK som hadde lisens. TV 2 starta sine første TV-sendingar først i 1992. No har dei fleste tilgang på mange kanalar.

I tida etter 1960-talet har utviklinga gått mot eit samfunn meir og meir prega av media, også kalla det postmoderne samfunnet. Denne nemninga rommar mykje. Informasjon, media og kunnskap har blitt ein stadig viktigare del av livet vårt, og derfor har tida også fått namn som informasjonssamfunnet, mediesamfunnet og kunnskapssamfunnet.

Ein ny revolusjon

På 1990-talet blir vi dessutan vitne til ein medierevolusjon: Internett. På 1400-talet revolusjonerte Johann Gutenberg spreiinga av informasjon ved at trykkjekunsten gjorde det mogleg å masseprodusere bøker. På same måten har Internett revolusjonert grunnlaget for kommunikasjon og for å spreie og dele informasjon. Samtidig har Internett ført til store utfordringar for avis-, film-, musikk- og bokbransjen.

Vi har tilgang til underhaldning og informasjon døgnet rundt, og avstand i tid og rom har omtrent ingenting å seie lenger. Vi kan seie at vi lever i eit digitalt tekstrom.[1] Det er med på å endre måten vi møter tekstar på, og måten vi kommuniserer på.

Mediesamfunnet i dag

Eit omgrep som blir brukt om mediesamfunnet, er konvergens, eller samansmelting. Dagens medium er på mange måtar i ferd med å smelte saman. Grensene mellom fjernsyn, PC/Internett, TV, radio og mobiltelefon er ikkje lenger så tydelege som dei ein gong var, og ofte vil dei ulike media utfylle kvarandre.

På ein nyare mobiltelefon har du tilgang til nett-TV, Internett, kamera, musikk og mobiltelefon på ein og same stad. Mange TV-program tilbyr utfyllande nettsider der ein til dømes kan lese meir om programmet og deltakarane, delta i avstemmingar og sjå lengre intervju som ikkje fekk plass i TV-programmet.

NRKBeta oppdaterer lesarane på dei siste digitale utviklingane: NRKBeta

  1. 1«tekst.no. Strukturer og sjangrer i digitale medier». Schwebs, T Otnes, H. LNU/Cappelen Damm. 2006.

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Emojiar – eit nytt verdsspråk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.