Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
  5. Medium og kommunikasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Medium og kommunikasjon

Unge i dag har vakse opp med mobiltelefon og Internett som ein naturleg del av kvardagen. Du kommuniserer fysisk og digitalt om kvarandre. I det eine augeblikket kan du diskutere noko med ein kamerat, i det andre augeblikket kommuniserer de i sosiale medium.

To gutar som snakkar i telefonar laga av hermetikkboksar. Foto.
Har du prøvd å lage telefon av hermetikkboksar?
Den første datamaskina i Noreg som fyller eit heilt rom. Foto.
Den første datamaskina i Noreg.

Det er ikkje så veldig lenge sidan ein mobiltelefon var på storleik med eit leksikon, og ein datamaskin kravde nesten eit heilt rom. Utviklinga dei siste 30 åra har gått i eit rasande tempo. Viss du spør ein pensjonist korleis det var då han var ung, blir dette veldig tydeleg.

I dag tenkjer vi knapt på korleis den teknologiske utviklinga påverkar oss, men ho endrar både måten vi tenkjer på og måten vi lever liva våre på. Tenk berre over kva du bruker mobiltelefonen din til. Korleis hadde livet ditt endra seg om du ikkje hadde hatt tilgang til Internett?

Kommunikasjon går raskare

Teknologiutviklinga har påverka korleis vi kommuniserer med kvarandre. Menneska har i fleire tusen år hatt behov for å kommunisere på andre måtar enn berre ansikt til ansikt. Eit døme på det er tusen år gamle runeinnskrifter med ein bodskap hogd inn i stein eller rissa inn i tre. Seinare overtok breva, telegramma og faksane formidling av bodskapen gjennom skriftleg tekst. Kommunikasjon på denne måten tok tid.

Det blei lettare, og det gav meir umiddelbar kommunikasjon mellom menneske, då fasttelefonane blei vanleg i dei fleste heimar. I dag er det få som har fasttelefon, og mange bruker andre kanalar for å kommunisere. Du kan kommunisere når som helst, på mange ulike måtar, og med kven som helst over heile verda.

Avsender og mottakar bli bundne sammen

Kommunikasjon og medium er latinske ord. Kommunikasjon betyr “å gjere felles”, mens medium betyr “det som er i midten”. Nynorskordboka definerer medium slik: “middel som noko blir spreidd gjennom”. I den enkle kommunikasjonsmodellen, prosessmodellen, ser vi sambandet mellom omgrepa kommunikasjon og medium. Mediet er ein kanal som bind saman avsendar og mottakar.

Kommunikasjonsprosessen skjer likevel ikkje så enkelt som i modellen ovanfor. Ifølgje kulturfiltermodellen har avsendar og mottakar ulike kulturfilter. Det kan oppstå støy undervegs, og det er langt frå slik at avsendaren si intenderte meining er den same meininga mottakaren sit igjen med.

Repeter kommunikasjonsmodellene:

Kulturfiltermodellen

Prosessmodellen

Val av medium påverkar kommunikasjonen

Val av medium skaper ulike føresetnader for kommunikasjon, både for avsendar og mottakar. Vi kan velje å uttrykkje oss verbalt og / eller ikkje-verbalt, og vi kan uttrykkje oss gjennom tekst, bilete, lyd og film.

Mediet vi vel, vil ha mykje å seie for meldinga og kommunikasjonen:

  • Ein reklamefilm på TV har andre føresetnader enn ei reklameside i ei papiravis.
  • Ei nyheitssending på radio har andre føresetnader enn ei nyheitssending på fjernsyn.
  • Ein samtale ansikt til ansikt har andre føresetnader enn chatting på Internett.

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Emojiar – eit nytt verdsspråk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.