Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
  5. Gå i djupna på bruk av sosiale mediumChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Gå i djupna på bruk av sosiale medium

Ungdommar flest bruker i stor grad sosiale medium til å halde seg orientert, og til å dele alt frå tankar og følelsar, til morosame videoar og interessante artiklar. Nokon ungdomnmar har kontoar i fleire sosiale medium, nokon har kanskje ingen.

Oppgåve 1

Sjå videoen fra 2009 om ungdommar sin bruk av sosiale medium, og samanlikn det med korleis du bruker sosiale medium. Kor mykje har endra seg? Kva er likt?

Oppgåve 2

Lag ei undersøking om ungdommar sin bruk av sosiale medium, og presenter resultatet. Jobb gjerne i pargrupper.

Dette er nokre viktige steg på vegen:

  • Bestem dykk for kva slags metode de vil bruke: kvantitativ (mange informantar) eller kvalitativ metode (få informantar).
  • Vel så forma. Vil de bruke svarskjema eller intervju, eller kanskje begge delar?
  • Bestem dykk for kva de vil finne ut av, og lag spørsmål til spørjeskjemaet og/eller intervjuet.
  • Tenk over kva for ungdommar som skal delta i undersøkinga. De kan til dømes velgje fleire grupper/klasser på skulen, nokre elevar frå kvart trinn, eller kanskje skal de spørje om å få undersøke eit trinn på ungdomsskulen.
  • Tenk over korleis de skal få samla og vurdert resultata. Kan undersøkinga gjerast digitalt? Kan de filme eller ta lydopptak av intervju?
  • Korleis kan de leggje fram resultata? Ved kvantitative undersøkingar er det vanleg å vise tal og statistikkar. Tala kan til dømes visualiserast i søyle- eller kakediagram. Det fungerer også bra å vise sitat frå informantane.
  • Kan de trekkje inn andre relevante kjelder som set lys på det de har funne ut? Gjer eit kjeldesøk. Tips: Sjekk Statistisk sentralbyrå.

Legg fram resultatet for medelevar. Drøft funna, og reflekter over kva dei viser. Ser de nokon nye tendensar i ungdommar sin bruk av sosiale medium? Stemmer det med andre kjelder de har funne?

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?