Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
  5. Smilefjes og emotikonChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Smilefjes og emotikon

Oppgåve 1

Korleis uttrykkjer ein desse kjenslene tradisjonelt med emotikon?

  • sint
  • redd
  • slem, vond
  • forelska
  • trøytt
  • tørst
  • svolten

Oppgåve 2

Gjer emotikon språket vårt rikare eller fattigare? Medan statsvitar og forfattar Frank Rossavik erklærer død over emotikona, meiner andre som er spurt at dei gjer språket rikare. Drøft og ta stilling til påstandane deira etter å ha lese argumenta i artikkelen Smileys er ikke greit

Oppgåve 3

Sjå først på attgjevinga av denne historia, "A story of mixed emoticons" (video). Får du tråden i ho?

Les så denne vesle historia:

Kvar morgon pleidde han å hoppe glad ut av senga og begynne å synge høgt. Mora hans blei uroleg då ho ikkje hadde høyrt frå han på fleire dagar. Han pleidde å lengte heim etter eit par dagar. Det synte seg at den nye sjefen hadde gitt han sparken. Heilt rasande hadde han bede han gå på dagen. No ligg han i senga heile dagen. Han går berre ut på kvelden, og møter han nokon, ser han ned.

Her er det mange kjensler i sving. Klarar du å formidle historia med emotikon? Lag historia med størst mogleg innslag av emotikon.

Oppgåve 4

Lag eit figurativt eller nonfigurativt bilete ved hjelp av tastaturet. Du kan eventuelt bruke eit bilete du har sjølv, eller eit du finn på nettet. Her har vi brukt programmet Art Generator for å gi att ei kjend dame.

Digital frihetsgudinne. Illustrasjon.
Digital frihetsgudinne.

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Emojiar – eit nytt verdsspråk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.