Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
  5. Kebab i litteraturenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kebab i litteraturen

Fleire forfattarar prøver å skape truverdige skildringar av ulike ungdomsmiljø gjennom å etterlikne språket ungdommen snakkar. Vi skal se nærare på to romanar som er lagt til høvesvis Romsås på Oslo øst og Rinkeby i Sverige.

Innvandrarungdom. Foto.
Er det slik at alle innvandrarungdom snakkar eit blandingsspråk?

Multietnolektar

Vi har sett at ungdomsspråk gjennom dei siste tiåra har fått mange innslag av lånord frå andre land og kulturar. Blandinga av ord og uttrykk henta frå arabisk, persisk, tyrkisk, urdu og spansk er forklaringa på at vi gjerne kallar denne språkvarianten kebabnorsk. Nokre meiner at dette blandingsspråket fyrst og fremst er eit byfenomen og foretrekkjer namnet asfaltnorsk. Forskarar omtaler språket som hybridspråk og multietnolekt.

Alle utlendinger har lukka gardiner (2015)

Maria Navarro Skarangers roman blei ønskt velkomen av mange grunnar. Ho er ein ung debutant, berre 20 år då denne romanen kom ut, og ho har skrive Noregs fyrste roman på gjennomført kebabnorsk; eller altså asfaltnorsk, drabantbynorsk eller multietnolekt. Den unge forfattaren har budd i bydelen Romsås i Oslo, med norsk mor og chilensk far.

I boka trekkjer ho gardinene til sides, og vi får kikke inn i livet til tenåringen Mariana, som nett som forfattaren veks opp i den multikulturelle drabantbyen Romsås. Vi får innblikk i den hemmelege forelskinga i niendeklassingen Mu2 (to-talet fordi det finst så mange Muhammed'ar). Nett som fleire av klassekameratane lurer Mariana på om læraren Frode er "homo" fordi han har med ein sakkosekkbamse for å illustrere sin "most beloved thing". Vi får óg innblikk i tankane hennar om broren Alvaro som sit i fengsel, utan at Mariana veit kvifor.

Boka er delt inn i små kapittel som speglar Marianas multikulturelle kvardag, til dømes "Kaketæsjer", "Alle må ha svømming" og "Ramadan". Hovudpersonen snakkar eit språk som forfattaren omtalar som: "et muntlig språk blant ungdom jeg har pleid å omgås." Forutan norsk, er det tydelege innslag av anglisismar og lånord med røter i mange opphavsland. Replikkvekslinga gir assosiasjonar til rap og syntaksen er "unorsk".

Her er nokre døme frå boka Alle utlendinger har lukka gardiner:

"Noen snitcha og sa Omar hadde cheeta på norsken siden han fikk 5 og derfor Solveig sa han heller skulle ha foredrag om kvinnehistorien i Norge, og idag Omar tok helt av med powerpoint i timen, og foredrag uten manus og egentlig det var veldig bra, men så sa han kvinner er som vaser fordi vi er skjøre og svake og Isa reiset seg fra stolen og kalte han for islamist og igjen det ble bråk så vi fikk gå tidligere fra timen."

"Utafor Kiwi selvfølgelig det var Dardan, Masood, Johnny og Ibra som bare: her kommer fettet, men jeg og Isa ignorerte, og de bare:morta, hvor skal dere? Og vi bare: hjem, og de bare: feite jævlene skal hjem og spise, og Isa bare: morra di er feit Ibra, hopp i havet..."

Tenk over:

  • Kva legg du merke til i språket i dei to døma?
  • Kvifor trur du forfattaren har valt dette blandingsspråket til forteljarstemme? Kva effekt gir det?
Nærbilete av auge med tårer. Foto.
Kva forbind du med raude auge?

Et øye rødt (2003)

Maria Navarro Skaranger seier at ho har henta mykje av inspirasjonen til språket frå Et øye rødt, som er ein dagbokroman av Jonas Hassen Khemiri. Han er skriven på såkalla mellomsvensk. Eit mellomspråk er ein språkvariant ein bruker mellombels, det vil seie mens ein er "på veg" til å tileigne seg det nye språket.

Då romanen kom ut i Sverige 2004, blei han ønskt velkommen som den første verkelege innvandrarromanen. Hovudpersonen er svensk-marokkanske Halim som veks opp i Stockholm. I innleiinga høyrer vi Halims (14) stemme. Det er ingen slangord her, men høyrest dette heilt svensk ut?

”I dag det var sista sommarlovsdagen och därför jag hjälpte pappa i affären.” J.H. Khemiri: Ett öga rödt

Andreas Østby har omsett boka til kebabnorsk. Til omsetjarjobben fekk han hjelp frå ungdommar frå austkanten i Oslo. Slik lyder den norske omsetjinga av innleiinga:

"I dag det var siste sommerferiedag ..."

I vanleg norsk og svensk ville ordstillinga, syntaksen, ha vore slik: "I dag var det ...", og Halim droppar småord, slik som "den" og bestemt form av dag: "den siste sommerferiedagen".

Kvifor snakkar nokon slik?

Ungdom snakkar norsk med same særtrekk som Halim. Sjølv om dei har kulturell bakgrunn frå andre land, er dei norske og bruker mellomspråk trass i at dei kan snakke flytande og korrekt norsk. Kvifor gjer dei det?

Det undrar også faren til Halim seg over. Han er oppteken av å vere så svensk (svennis) som mogleg, men han må bruke mellomsvensk utan å ville det. Halim, som snakkar og skriv utmerkt svensk, har hjelpt faren med å lage plakatar til butikken hans. Ein dag oppdagar faren dagboknotata til Halim. Då finn følgjande replikkveksling stad:

"Hvorfor skriver du sånn? Sjofa, chill, kæba. Hæ? Hvem er det du kjenner som snakker sånn? Hvorfor tror du at vi flyttet?"
"Hva er det du egentlig vil? Vil du at jeg skal prate svenneprat? Jeg vet i hvert fall hvem jeg er og hvor jeg kommer fra."
"Men er du helt idiot? Tror du ikke jeg vet at du kan bedre svensk enn som så? For noen år siden snakket du helt perfekt, og nå? 'Ey kæba asjko asjko.' Hva er det du holder på med?"

Halim bruker språket for å markere dei kulturelle røtene sine som ungdom og marokkanar. Han klandrar far sin for å vere altfor svensk.

Meir om kebabnorsk

I dette videoklippet får du forklaringa på nokre ord og kan høyre utgjevaren av ordboka om kebabnorsk, Andreas Østby, og språkforskaren Helene Uri uttale seg om kebabnorsk.

Kebabnorsk

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Emojiar – eit nytt verdsspråk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.