Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
  5. Påverknad frå engelskChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Påverknad frå engelsk

Kor påverka er du av det engelske språket? Sannsynlegvis tenkjer du ikkje særleg over kor orda du bruker eigentleg kjem frå. Når vi studerar ungdomsspråket, ser vi at det inneheld mange engelske ord og uttrykk.

Kart over kva for land i verda som bruker engelsk. Illustrasjon.
Den engelskspråklege verda påverkar norsk språk.

I artikkelen om ungdomsspråk står det at ungdom er meir tilbøyelege til å bruke slang, og at dei er raskare til å ta til seg nye ord enn vaksne. Påverkninga kjem særleg frå engelsk. Her skal vi sjå på korleis ungdomsspråket blir påverka av det engelske språk- og kulturområdet.

Tenk over:

  • Kvifor er ungdom meir mottakelege for påverknad frå andre språk enn vaksne?
  • Bruker du sjølv engelske slanguttrykk og -ord?
  • Gjer du det for å markere fellesskap med den du snakkar med? Eller fordi du synest det norske språket blir for kjedeleg? Eller er det fordi du ikkje finn norske ord som dekkjer det du vil seie?
  • Tenkjer du over når du bruker slike ord og uttrykk? Når ville du eventuelt ikkje bruke dei?

Engelske ord og uttrykk

Engelsk er det språket som påverkar norsk mest. Uttrykk som " å chille", "joine" og "chatte" er hyppige i ungdomspraten. Det er heller ikkje vanskeleg å sjå kvar uttrykk som "Han rular!" eller "Den boka suger!" stammar frå. Det er ikkje like vanleg at vaksne bruker slike ord og uttrykk.

Engelsk domeneovertaking og kodeveksling

Det norske språket har blitt påverka av engelsk i over 1000 år. Mange lånord i norsk er henta frå det britiske øyriket eller det store nedslagsfeltet for det engelske språket. Dei siste tiåra har vi likevel sett ei ny utvikling.

Førsteamanuensis i engelsk Annjo Klungervik Greenall ved NTNU i Trondheim peikar i ein artikkel i Aftenposten på at det gradvis skjer ei domeneovertaking. Dette vil seie at norske faguttrykk blir erstatta med engelske. Engelsk er også er i ferd med å erobre oppgåveskriving, undervisning og lærebøker i dei høgare undervisningsinstitusjonane.

Eit anna fenomen vi ser når det gjeld lån frå andre språk, er kodeveksling. Medan det tidlegare var vanleg å berre ta i bruk enkeltord, tek vi no til oss heile setningar eller frasar. Ei stor inspirasjonskjelde her er realityprogram eller populære TV-seriar.

Truar engelsk det norske språket?

Mange fryktar at norsk språk skal tape terreng, at det skal bli utvanna og for påverka av andre språk. Delar av Øyvind Rimbereids diktsamling SOLARIS korrigert er skriven på eit vestnorsk, slik han ser for seg dette i år 2480. Kva språk ser du spor av her? Trur du dette er ei sannsynleg utvikling?

Robots treng ne draumar.
SOMETIIMS ven aig ne svefndraum kan,
Aig draumen ein simpl, silly draum,
SO er den: Aig imago meg self
Lefa innside ein astroide vid hundre odder humans,
Reisen vekk fra System Sol,
Ne meir moons

(Øyvind Rimbereid, SOLARIS korrigert, Gyldendal, 2004)

Eit tiltak for å møte trusselen mot norsk språk, er såkalla norvagisering; det vil seie at ein tek utgangspunkt i det importerte ordet og tilpassar det til norsk. Språkrådet har forsøkt å innføre avløysarord. Døme her er nettlesar for browser, krøllalfa for @ og matkvern for food processor. Ein har òg forsøkt å fornorske skrivemåten; "teip" for tape og "pønk" for punk. Språkrådet prøvde seg og med "beiken" for bacon, men møtte så store reaksjonar at det blei trekt tilbake.

Bruker du nokre av desse norvagiseringane eller avløyserorda?

Ungdom og bruk av engelsk

Den tiltakande og raske påverknaden vi ser frå engelskpråkleg kultur, kjem først og fremst frå media, slik vi ser det i TV-seriar, reality-program og i sosiale medium. Vi har òg sett på korleis sms- og chatspråk blir påverka frå engelsk. Ungdom er storforbrukarar av desse media og tek med seg engelske ord og uttrykk inn i språket sitt i langt større grad enn vaksne.

Gjennom media får ein urban kultur spreie seg mykje lettare. Urban Dictionary (ekstern) er ei nettordbok som innsendarar kontinuerleg kan sende ord og uttrykk til. Også her ser vi at påverknaden frå engelsk er massiv.

I doktorgradsoppgåva si frå 2009 tek Eli-Marie Danbolt Drange for seg bruken av engelsk i ungdomsspråket. Ei gruppe Oslo-ungdommar mellom 13 og 18 år hadde ein opptakar med seg for å kartlegge i kva grad ungdommane brukte engelske ord i daglegtalen. Ho kom til ei overraskande slutning: Av 100.000 ord var det berre 1% engelske ord. Blant dei vanlegaste var desse orda:

  • kul
  • teit
  • kjip
  • sorry
  • happy

Er dette ord du bruker i det daglege? Kva for andre ord ville du ha sett på lista over dei vanlegaste orda du og venane dine bruker?

Les meir

Aftenposten har intervjua ungdommar om bruk av engelsk, og førsteamanuensis i engelsk Annjo Klungervik Greenall ved NTNU i Trondheim kommenterer i denne artikkelen: Helt naturlig å bruke engelsk (ekstern)

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Emojiar – eit nytt verdsspråk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.