Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver om banneord

Oppgåve 1

Norske banneord er ofte knytt opp mot religiøse tabu. Høyr på desse to lydklippa der to unge gutar frå ein vidaregående skule i Bergens-området diskuterer jenter.

Noter ned banneorda du høyrer. På kva måte er dei knytte opp mot religiøse tabu? Kvifor er det naudsynt for dei to gutane å bruke så mange banneord? Kunne dei ha uttrykt det same utan å bruke banneord?

Lydklipp 1

Dialog mellom to ungdommer fra Askøy

0:00
Dialog mellom to ungdommar frå Askøy.

Lydklipp 2

Dialog mellom to ungdommer fra Loddefjord

0:00
Dialog mellom to ungdommar frå Loddefjord

(Lydklippa er produserte av MIK-elever ved Laksevåg vidaregående skule på bestilling frå Mediesenteret ved Høgskulen i Bergen.)

Oppgåve 2

Prøv å skrive om samtalane til standard norsk og drøft:

  • Kva dreiar samtalane seg eigentleg om?
  • Forstår du alle orda som blir brukte? Kva for ord er vanskelege å forstå? Kvifor?
  • På kva slags måte kan desse samtalane bli sett på som intrakulturell kommunikasjon? Slå opp definisjonen dersom du ikkje hugsar han.

Oppgåve 3

Korleis ville desse samtalane ha vore dersom det var to jenter som snakka saman om gutar, om det same temaet?

  • Gjer lydklipp 1 eller 2 om til ein slik samtale med same tema, der aktørane er jenter.
  • Kva ord ville dei ha brukt? Ville det skje noko med språket?

Oppgåve 4

Gjer ei undersøking i klassen og drøft:

  • Kven bannar?
  • Kva for banneord bruker dei som bannar?
  • Kvifor bannar dei?
  • Er det forskjell på jenter og gutar?
  • Bannar ungdom meir enn vaksne, slik de erfarer det?

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Emojiar – eit nytt verdsspråk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.