Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Medium og ungdomskulturChevronRight
  5. Smilefjes og emotikonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Smilefjes og emotikon

Vi bruker mimikk og kroppspråk til å vise kjensler når vi møter kvarandre ansikt til ansikt. Når vi ikkje kan sjå kvarandre, må vi bruke andre teikn. I skriftlege tekstar bruker vi som regel ord, men i nokre samanhengar bruker vi emotikon.

Mennesker med emoticons til ansikt. Illustrasjon.

Sjølv om kommunikasjon i sosiale medium og med mobilar har mange likheitstrekk med munnleg kommunikasjon, blir det ikkje heilt likt. Ansiktsuttrykk og mimikk er viktig for korleis vi tolkar ein bodskap. Derfor har smilefjes langt på veg overtatt rolla som kjensleformidlar når vi ikkje møtest fysisk.

Emotikon er teikn som uttrykkjer ulike kjensler, opphavleg berre ved hjelp av tastaturet på ein datamaskin. Den fyrste kombinasjonen av slike tasteteikn var det kjende smilefjeset :-), som oppstod i eit amerikansk debattforum i 1982. Smilefjeset og andre utgåver spreidde seg raskt, ikkje minst i tekstar der det passar å erstatte ord med kjappe grafiske utgåver av kjenslene du ønskjer å uttrykkje.

Emotikon er kjenslebilete

Emotikon (ordet er på engelsk sett saman av emotions, kjensler, og icon, som er bilete; altså kjenslebilete) er blitt ein naturleg del av tekstane våre som vi formidlar til andre. Dei fleste kjenner til emotikon som :-) :-( eller <3.

Smilefjes eller emotikon kan ha ulike funksjonar. Når du får ei melding der det står "Glad i deg :-)", er emotikonet :-) med på å underbyggje innhaldet i meldinga. Smilefjeset forsterkar bodskapen "glad i deg", i motsetnad til ei melding utan smilefjes.

Emotikon kan òg ha ein sosial funksjon. Det vil seie at ein innanfor ei sosial gruppe kan utvikle bestemte emotikon. Dette finn vi døme på innanfor ungdomskulturen, der det vil oppstå eigne emotikon som ungdom kjenner til og bruker for å vise kor dei høyrer til.

I dag bruker dei fleste eigne emotikontastatur når dei skriv i sosiale medium eller på sms. Der finst det veldig mange ulike teikn du kan bruke som erstatning for ord. Emotikontastaturet inneheld til dømes teikn og symbol i kategoriar som dyr, mat og idrett.

Tenk over: Korleis opplever du å få sms-meldingar frå venar som ikkje bruker emotikon?

Emotikon kan gi meirbetydning til teksten

Emotikon kan gi uttrykk for noko som ligg «under teksten». Eit tradisjonelt smilefjes kan til dømes seie frå om at vi kanskje ikkje meiner teksten så alvorleg som det kan sjå ut som. Emotikon kan utdjupe teksten og kanskje òg lage morosame kontrastar og bidra til ein dobbeltkommunikasjon ved at vi bevisst legg inn tvitydnad eller ironi i tekstane våre.

Motsett kan vi la vere å leggje inn emotikon i tekstar der ein ventar å finne dei, og gjere mottakarane usikre. Slik kan emotikon påverke korleis mottakaren tolkar bodskapen, som kan vere eintydig eller fleirtydig.

Passar det alltid med eit smilefjes?

Du kan ikkje bruke emotikon kvar som helst. Sender du ein SMS eller ei kjapp Facebook-melding, kan du drysse emotikon over teksten. Skriv du derimot ein jobbsøknad eller eit debattinnlegg i ei nettavis, skal du vere forsiktig med emotikonbruk om du vil bli teken alvorleg.

Vi skal òg vere klar over kulturelle skilnader her. Ein tilsett i eit stort amerikansk firma sende ei melding med eit smilefjes til den franske sjefen sin. Dette blei altfor uformelt for ho. På nettsida "Emotikon etiquette" finn du mellom anna ein video med skikk-og-bruk-reglar for samanhengar der det passar med emotikon og der det ikkje er så passande, og kva for emotikon som i så fall skal brukast, og kva som ikkje blir tilrådd.

Tenk over: Kan bruken av emotikon vere med på å forflate og forenkle språket, eller er emotikona eit positivt bidrag til kommunikasjonen?

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Emojiar – eit nytt verdsspråk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.