Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Skape og vurdere tekstarChevronRight
  5. Korleis skrive kreativt?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Korleis skrive kreativt?

Korleis går ein fram for å skrive ein låt, teikneserie eller eit blogginnlegg? Det finst mange tekstsjangrar som gir rom for kreativitet. I denne filmen fortel ein låtskrivar, ein teikneserieforfattar, ein manusforfattar og ein bloggar om korleis dei skapar tekst.

Oppgåve 1

Du møter fire unge tekstskaparar i denne filmen. Dei jobbar i ulike sjangrar, men likevel har dei ein del til felles. Kva er det?

Oppgåve 2

Alle forfattarane kjem med nokre konkrete råd om kva du kan gjere når du skal lage ein tekst.

  • Kva for råd er det?
  • Skil desse råda seg frå skriveråd du har fått i norsktimane? Viss det er ein forskjell, kva trur du er årsaka?
  • Kva for råd vil du ta med deg vidare i eige tekstarbeid? Del dette med ein medelev.

Oppgåve 3

Bli einige i klassen om eit tema i faget som de har lyst til å fordjupe dykk i. Vel så blant teksttypane som blir presenterte i filmen og lag eigne tekstar med dette temaet (det er fint om de vel ulike).

  • songtekst
  • blogginnlegg
  • manus til eit teaterstykke (kan vere til ein liten scene)
  • teikneserie

Framfør tekstane for kvarandre (eller del på andre måtar). Gi konstruktive tilbakemeldingar på arbeidet. Kva var bra, og kva kunne vore endå betre?

Reflekter saman til slutt: Kva for styrkar og svakheiter hadde dei ulike tekstsjangrane når det gjaldt å få fram temaet de valde?

Læringsressursar

Skape og vurdere tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Det handlar om å dele: Creative Commons

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Samspel mellom uttrykksmåtar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skrifttypar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Åndsverklov og opphavsrett

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Vel deg eit essaytema

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Vurderingsressurs