Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Skape og vurdere tekstarChevronRight
  5. Åndsverklov og opphavsrettChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Åndsverklov og opphavsrett

Vi lever i ei digital tid der det er enkelt å kopiere åndsverk som andre har laga. Derfor er det viktig å kjenne til lover og reglar som gjeld på dette området. Lov om opphavsrett til åndsverk regulerer rettane til eit åndsverk.

Lovanvendelse. Illustrasjon.

Kva er eit åndsverk?

Eit åndsverk er resultatet av skapande verksemd. Eit åndsverk kan for eksempel vere ein roman, ein vitskapleg artikkel eller eit fotografi. Føremålet med åndsverkloven er å verne om og oppmuntre til produksjon av åndsverk. I Åndsverkslova defineres et åndsverk som " – et litterært, vitenskapelig eller kunstnerisk verk, hvor kravet om verkshøyde og åndelig innsats er ivaretatt”.

Verkshøgde vil seie at verket må vere eit resultat av ein kvalifisert skapande innsats. Åndelig innsats betyr at verket skal vere av ein original og individuell karakter, til dømes basert på fantasi, talent, eller fagleg dugleik som er særeigen for skaparen.

Eit åndsverk er med andre ord eit originalt litterært, vitskapleg eller kunstnarisk verk som du har tenkt ut, planlagt og laga sjølv. Det blir ikkje gitt opphavsrett til idear eller kvalifikasjonar. Åndsverkloven § 1 seier at opphavsretten er knytt til forma, ikkje til innhaldet.

Opphavsretten

Alle som skaper eit åndsverk, har opphavsrett til sitt eige verk. Det er det grunnleggjande prinsippet bak opphavsretten. Opphavsrett er den retten forfattarar, komponistar, fotografar og andre opphavsmenn har til verka sine. Opphavsretten gir skaparen av åndsverket einerett til å bestemme over produktet sitt. I dei fleste tilfella går opphavsretten ut 70 år etter at opphavaren er død.

Merking av opphavsrett med © viser kven som har opphavsrett til ein tekst eller et bilete. I Noreg er det ikkje nødvendig med noko slikt merke. Vi har – saman med dei fleste andre land i verda – slutta oss til ”Bernkonvensjonen” (1886). Den seier at opphavsretten gjeld uansett om han er presisert eller ikkje.

Vis respekt

Åndsverkloven regulerer også måten eit åndsverk blir brukt på. Åndsverkloven § 3 seier at opphavaren har krav på å bli namngitt “– slik god skikk tilsier”, og at ein har lovmessig vern mot krenkande bruk eller endring av verket (respektretten).

Sjå for deg at du får i oppdrag å lage eit humoristisk fotografi rundt temaet ”tidleg leggjetid”. (Sjå eksempel i høgrefeltet.) Men artikkelen om leggjetid blir forkasta, og avisa vel i staden å nytte biletet ditt i ein artikkel om seksuelt misbruk av barn. Å publisere biletet i ein slik samanheng vil vere krenkande for modellen og for deg som fotograf.

Nettsida Clara fortel deg kva som er lov, og kva som ikkje er lov: clara.no

Rettar til eigne åndsverk

Som opphavar har du to viktige rettar:

  • Einerett til eksemplarframstilling
    Einerett til eksemplarframstilling betyr at ein berre kan framstille nye eksemplar av verket etter avtale med opphavaren, og at om ikkje anna er avtalt, så er publisering avgrensa til berre ein gong (frilansavtalen § 7). I nokre tilfelle har opphavaren overdrege rettane til eksemplarframstilling til eit forlag eller ei bedrift.
    Eksemplarframstilling betyr å lage nye trykte eller digitale eksemplar av eit verk. Mange trur det er lovleg å publisere bilete frå Internett på sin eigen blogg så lenge ein nemner namnet på fotografen eller kor biletet er henta frå. I praksis er dette ei ulovleg eksemplarframstilling. Det er berre opphavaren, eller den opphavaren har overdrege rettane til, som har rett til å publisere nye digitale versjonar av biletet.
  • Einerett til å gjere verket tilgjengeleg for ålmenta
    Det er opp til rettshavar å avgjere om verket skal publiserast. Derfor bør du gi opphavaren tydeleg beskjed om kva verket (teksten, biletet) skal brukast til, og i kva for medium det skal publiserast.

Læringsressursar

Skape og vurdere tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Det handlar om å dele: Creative Commons

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Samspel mellom uttrykksmåtar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skrifttypar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs