Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Skape og vurdere tekstarChevronRight
  5. SkrifttyparChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skrifttypar

Inskripsjon på Titus-bogen i Roma. Foto.
Romersk inskripsjon

Inskripsjon på Titus-bogen, ein triumfboge som senatet og folket i Roma fekk sett opp til ære for keisar Titus (ca. 81 e.Kr.). Dei såkalla antikvaskriftene har røter i romerske inskripsjonar.

To hovudgrupper

Med skrift meiner vi korleis bokstavane er utforma. Det finst to hovudtypar av skrifter: antikva-skrifter og grotesk-skrifter (uttale: antíkva og grotésk).

Antikva-skrifter

Denne skriftgruppa er kanskje det du først tenkjer på som "trykt" skrift. Antikva-skrifter er lette å lese i lange tekstar og blir derfor ofte brukte i bøker og aviser. Dei har seriffar, det vil seie små tverrstrekar i endane av bokstavane. Bokstavane består dessutan av strekar med ulik tjukkleik.

Times New Roman: ei antikva-skrift

Times New Roman blei utvikla for den engelske avisa The Times så seint som i 1931, men skrifta byggjer på førebilete frå 1600-talet. Ho er standardvalet i Word og blir derfor brukt ukritisk i alle slags trykksaker. Vil du setje ditt eige preg på designen, kan det vere lurt å prøve ut dei andre antikvaskriftene på maskina di.

Grotesk-skrifter

Den industrielle revolusjon førte til at billige masseprodukter skulle selges til mange mennesker. Konkurransen om oppmerksomhet var stor, og det gjaldt å rope høyere enn konkurrenten. I denne perioden oppstod de groteske skriftene. Seriffer, hårstreker og annen pynt er fjernet, og tilbake står de rene, geometriske formene, gjerne tegnet med tykke streker. Med grotesk-skriftene var det enklere å "snakke med store bokstaver".

Helvetica: en grotesk-skrift

Skrifttypen Helvetica blei utvikla i Sveits i 1957. Han skulle vere mest mogleg nøytral og klar, og passa som hand i hanske med den såkalla sveitsiske stilen i grafisk design. Helvetica er installert på alle Macintosh-maskiner. På Windows-maskiner bruker ein i staden Arial, som mange oppfattar som ein dårlegare kopi av Helvetica.

Andre skriftgrupper

Det finst også andre skriftgrupper, som gotisk skrift, skriveskrifter (også kalla kalligrafiske skrifter), og ulike former for fantasiskrift. Mange moderne skrifter er vanskelege å klassifisere, fordi dei låner trekk frå fleire av dei klassiske skriftene.

Ulike skrifttypar. Illustrasjon.

Døme på gotisk skrift (øvst), skriveskrifter og fantasiskrifter

Læringsressursar

Skape og vurdere tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Det handlar om å dele: Creative Commons

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Samspel mellom uttrykksmåtar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Åndsverklov og opphavsrett

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs