Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Skape og vurdere tekstarChevronRight
  5. Å vurdere eigne og andre sine tekstarChevronRight
AssessmentResourceVurderingsressurs

Vurderingsressurs

Å vurdere eigne og andre sine tekstar

Det er ikkje så vanskeleg å vurdere om ein tekst er god eller dårleg, men klarer du å grunngi vurderinga di? Når du skal vurdere eigne og andre sine tekstar, kan du bruke det du har lært om tekstteori, kommunikasjon og retorikk.

Lærer vegleier elevar. Bilde.

Vurdere eigne tekstar

Det kan vere ei utfordring å vurdere eigne tekstar. Ein blir ofte ”blind” på eigen tekst, og det er vanskeleg å distansere seg frå teksten og vurdere han når ein har arbeidd lenge med han. Skal du vurdere eige produkt, kan det vere nyttig å starte med å grunngi vala du har gjort.

Det kan vere nyttig å skrive ein logg undervegs i arbeidet for å dokumentere både kva du har gjort og korleis du har tenkt. For å grunngi vala dine, kan du kan du bruke det du har lært om tekstteori, kommunikasjon og retorikk. Dersom du til dømes skal vurdere din eigen tale, vil det vere naturleg at du bruker retorisk teori.

Vurdere andre sine tekstar

Når du skal vurdere andre sine tekstar, vil vurderinga avhenge av om det er ein tekst laga av ein person du kjenner, eller om du skal ta stilling til ein profesjonell avsendar. Dersom vurderinga du gjer skal lesast av han eller ho som har skapt teksten, er det viktig at du grunngir vurderinga di på ein sakleg måte.

Hugs at det er minst like viktig å peike på kva som er bra i ein tekst, som å finne kva som burde vore betre. Alle har behov for å høyre at dei mestrar noko. Det er også få som likar å få lista opp alle feila dei har gjort. I ei tilbakemelding kan du til dømes peike på to gode kvalitetar ved teksten, og så velje ut eit område teksten kan bli betre på.

Vurderingsskjema

Eit vurderingsskjema kan hjelpe deg til å formulere tilbakemeldingar og vurdere i kva grad ein tekst oppfyller kriteria i oppgåva. Klassen kan vidareutvikle forslag på vurderingskriteria, eller kanskje de vil lage dykkar eigne? Det er uansett nyttig at de blir einige om kva slags kriterium ein tekst skal vurderast ut ifrå. Då blir vurderinga rettferdig og utførd med utgangspunkt i faglege kriterium, og ikkje ei tilfeldig synsing.

Skjemaa under viser vurderingskriterium som lærarar ofte bruker. Bruk gjerne desse som utgangspunkt for å lage eigne vurderingsskjema.

Å vurdere ei munnleg framføring

Filer

Å vurdere ein tale

Filer

Å vurdere skriftlege tekstar

Filer

Å vurdere samansette tekstar

Filer

Læringsressursar

Skape og vurdere tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Det handlar om å dele: Creative Commons

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Samspel mellom uttrykksmåtar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skrifttypar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Åndsverklov og opphavsrett

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs