Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Skape og vurdere tekstarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å lage reklame

Du møter reklame overalt, som annonsar, tekstmeldingar, plakatar og videoar. Nokre synest du er gode, nokre er morosame, andre er berre irriterande. Den som skal lage ein reklame, må kjenne mottakaren sin godt for å treffe.

Publikum sit på kino. Bilde.

Når du skal lage ein reklame, må du først av alt setje deg inn i kommunikasjonssituasjonen:

  • Kva er målgruppa di?
  • Kva for kanal skal du bruke?
  • Kva vil du med reklamen?
  • Korleis skal du få gjennom bodskapen din?
  • Korleis skal du fenge publikummet ditt?

Vidare må du tenkje på mediet du vil bruke:

  • Skal det vere ein plakat?
  • Ein radioreklame?
  • Ein brosjyre?
  • Ein reklamefilm?

Mediet vil vere styrande for kva som er mogleg for å utarbeide reklamen din, også når det gjeld innhaldet.

Verkemiddel i reklame

I ein reklame er målet først og fremst å påverke mottakaren. Det er derfor nyttig å bruke kunnskapen du har om retorikk: Korleis kan du spele på etos, patos og logos for å selje bodskapen din?

Mange reklamefilmar på TV i dag er bygde opp som ei forteljing. Ved å fortelje ei historie som mottakaren kan kjenne seg igjen i eller le av, berører filmen kjenslene (patos). Det er viktig for å gi mottakaren positive assosiasjonar til produktet.

Gjentaking og kontrast er enkle og velbrukte verkemiddel i reklame. Ved å gjenta slagord, festar orda seg i hjernen, og mottakaren vil hugse produktet. Gjentaking kan spele på både kjensler, fornuft eller truverd, alt etter korleis slagordet er utforma.

Ved å bruke kontrastar, som "før og nå", viser du kor effektivt eit produkt kan vere. Du kan også samanlikene produktet ditt med andre produkt. Ofte vil ein slik reklame appellere til fornufta hos mottakaren, men han kan også styrke truverdet til avsendaren og produktet.

Design og kvalitet

Ein god reklame har ein gjennomførd komposisjon. Oppsett, fargebruk, bilete og skrifttypar skal passe til bodskapen i teksten og treffe mottakeren sin smak. Feil val av til dømes skrifttype kan gi assosiasjonar som bryt med det du vil formidle. Vi opplever nokre skrifttypar som "seriøse" og andre som "useriøse" eller "barnslege".

Det er også viktig tenke på kvaliteten til det du lagar. I ein radioreklame skal stemma ofte vere behagelig, engasjert og tydeleg for at mottakaren skal like han. Dersom du lager ein film, er det viktig at lyden og filminga er god. Samtidig kan det å bruke ein uklippa mobilfilm med litt dårleg lyd vere effektivt overfor nokre målgrupper.

Dei som trykkjer reklamebrosjyrar eller lagar annonser til aviser og tidsskrift, vil vere opptatt av papirkvaliteten. Skal papiret vere tjukt ellert tynt, matt eller glansa, eller er det viktigast at papiret er miljøvenleg? I stor grad er det omsynet til målgruppa som avgjer kva kvalitet ein avsendar vel.

Læringsressursar

Skape og vurdere tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Det handlar om å dele: Creative Commons

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Samspel mellom uttrykksmåtar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skrifttypar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Åndsverklov og opphavsrett

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs