Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Skape og vurdere tekstarChevronRight
  5. Munnleg framføringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Munnleg framføring

Det er heilt naturleg å bli nervøs før ei munnleg framføring, og det ville vore rart om du ikkje blei det. Men det er forskjell på å bli så nervøs at du ikke klarer å gjennomføre, i motsetning til å kjenne at det kriblar litt i magen.

Glad businesskvinne holder en presentasjon for kollegaer. Foto.

Ved å førebu seg godt er det fullt mogleg å øve seg opp til å halde ei god munnleg framføring. Hugs at øving gjer meister! Sjølv om det er ein klisjé, er det vanskeleg å bli flink til noko dersom du aldri øver på det.

Dei fem retoriske fasane kan vere nyttige når vi skal førebu ei framføring. Dei gir oss ei strukturert oversikt for kva det kan vere lurt å tenkje på i arbeidet med ei framføring. Ein del av dette gjer vi heilt ubevisst, men det kan likevel vere nyttig å tenkje gjennom det.

1. Inventio: Å finne ut kva du skal seie

Kven skal du snakke for? Kva skal du snakke om? Kva er innhaldet? Avklar kommunikasjonssituasjonen. Bruk til dømes eit tankekart.

2. Dispositio: Å ordne stoffet

Det kan vere lurt å lage ein disposisjon for framføringa di. Korleis vil du innleie? Kva skal hovuddelen bestå av? Korleis vil du avslutte? Det å ha ein raud tråd i eit foredrag gjer at lyttaren heng betre med. Ein god disposisjon kan også gjere argumentasjonen din tydelegare, altså logos.

3. Eloqutio: Å velje riktige ord og uttrykk

På kva slags måte skal du snakke? Kva slags ord skal du bruke? Kva slags stil eignar seg for presentasjonen din? Kommunikasjonssituasjonen vil langt på veg avgjere dette. Skal du snakke objektivt og sakleg, eller kan du leggje inn litt humor undervegs? Ofte kan bruk av humor lette litt på trykket, men det eignar seg ikkje nødvendigvis i alle samanhengar.

Det kan vere nyttig å lese høgt gjennom manuset. Ofte kan ei formulering verke kjempegod på papiret, men i det du les ho høgt, høyrest det rart ut. Hugs at det er viktig med eit presist og korrekt språk også når du snakkar. Bruk av upresise ord som ”ting” eller overdriven bruk av ”ehmm” eller ”liksom” bør du unngå. Hugs at språket er viktig for etosen din.

4. Memoria: Å hugse det du skal seie

Å halde ei framføring utan bruk av manus er positivt. Dersom du har øvd godt gjennom det du skal seie, er det fullt mogleg å lære seg foredraget utanåt. Somme synest det hjelper å ha noko å halde i når dei skal framføre, og dersom du treng ein hugselapp, kan du lage små kort med stikkord. Ikkje stå og vift med store ark. Det svekkjer etosen din og kan verke forstyrrande på mottakarane.

Øv gjennom det du skal seie minst to gonger. Stå gjerne framfor spegelen og sjå på deg sjølv når du snakkar. Korleis står du? Kva gjer du med armane? Smiler du? Dersom de er to som skal framføre saman, er det viktig at de har diskutert kven som skal seie kva, og ikkje minst - at de har øvd gjennom heile framføringa.

5. Actio: Å framføre

Korleis skal du framføre? Kva skal du ha på deg? Korleis ønskjer du å framstå? Klesdrakt kan vere avgjerande for etos, i alle fall ved eit førsteinntrykk. Har du først gitt eit godt førsteinntrykk, er det lettare å få mottakarane med seg vidare i presentasjonen. Du kan også spele på mottakarane sine kjensler ved å bruke patos, og det skadar sjeldan å smile.

I dag er det vanleg å bruke eit presentasjonsverktøy når vi framfører. Det kan vere PowerPoint (Microsoft), Impress (Open Office) eller KeyNote (Mac), eller du kan prøve deg på å lage ein Prezi.

Generelle tips for ein god presentasjon:

  • Bruk gode og presise stikkord. Ikkje bruk for lange setningar, og for all del ikkje skriv på lysbileta alt du skal seie.
  • Bruk den kunstnariske sansen din og tenk heilskap når det gjeld biletval, tekst, skrifttype og fargebruk.
  • Ver kreativ! Prøv å lage lysbilete med enkeltord og/eller berre bilete.
  • Biletbruk: Kan du erstatte noko tekst med bilete? Hugs også å tenkje gjennom kva funksjon bileta skal ha. Skal dei forklare det du seier? Skal dei utfylle det du seier? Skal dei stå i kontrast til det du seier? Eller kanskje du vil spele på mottakarane sine kjensler med bileta? Hugs også at det er reglar for kjeldebruk når du bruker andres bilete.
  • Skriv korrekt! Skrivefeil er lite sjarmerande og byggjer ikkje opp under etosen din. Be nokon lese gjennom presentasjonen din før du framfører. Ofte blir du blind på eigne skrivefeil.

På nettstaden Ted.com kan du sjå mange døme på presentasjonar: Ted.com Sjå, lær og hent inspirasjon!

Læringsressursar

Skape og vurdere tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Det handlar om å dele: Creative Commons

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Samspel mellom uttrykksmåtar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skrifttypar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Åndsverklov og opphavsrett

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs