Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Skape og vurdere tekstarChevronRight
  5. Analyse av politiske talarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Analyse av politiske talar

I databasen "Virksomme ord og politiske taler" frå Universitetet i Bergen finn du eit utval av talar som har teke pulsen på samfunnsdebatten i landet frå 1814 fram til i dag. Vel talar frå denne samlinga, og bruk det du har lært så langt om retorikk og kontekst, som analyseverktøy.

Frå rosetoget i Oslo, 25. juli 2011. Bilde.
Frå rosetoget i Oslo, 25. juli 2011.

Oppgåve 1

Sjå til dømes på denne demonstrasjonstalen: " Hent soldatene hjem!"

  • Kva slags språkhandlingar er brukt?
  • Kva slags retorisk sjanger er dette?
  • Kva kan ein seie om tilhøvet mellom situasjon, kommunikativ aktivitet og dei kulturelle og samfunnsmessige tilhøva kring denne teksten?

Oppgåve 2

Databasen Virksomme ord har eit utval av talar som er framført på Eidsvoll, frå Stortingets talarstol, i NRK-studio, på gater, i kyrkjer, i rettssalar og ved ulike markeringar. Med unntak av dei aller eldste talane, finn du lyd- og videogjengjevingar på nettet. Du bør lytte, eventuelt sjå framføringa. Ta for deg ein eller fleire av talane og vurder:

  • Kva slags språkhandlingar er brukt?
  • Kva slags retorisk sjanger er dette?
  • Kva kan seiast om tilhøvet mellom situasjon, kommunikativ aktivitet og dei kulturelle og samfunnsmessige tilhøva kring denne teksten?

Oppgåve 3

Samanlikning av to talar:

  • Ta for deg to talar og sammenlikn dei etter kriteria over. Du kan til dømes sjå på talar som omhandlar:
    • 22. juli 2011
    • Unionsoppløysningane i 1814 og 1905
    • Quisling og Kong Haakon VII sine talar i 1940
    • Nordahl Grieg og Hamsun sine talar under krigen
    • Shabana Rehman (2005) og Abid Raja (2008) sine talar under Bjørnsonfestivalen
  • Talane på Virksomme ord er framført i ulike medium. Vel ein tale, til dømes:
    • frå 1905
    • ein radiotale, t.d. frå andre verdskrig
    • ein nyttårstale frå 1980-talet og ein nyttårstale frå 2000-talet som er framførte på TV.
    • Kva slags moglegheiter og kva slags begrensningar gir dei aktuelle media for talen?
  • Samanlikn talar heldt frå Stortingets talarstol, t.d. Gro Harlem Brundtlands tale om kvinner og likestilling frå 1981 med Heikki Holmås sin tale i 2005. Analyser val av stil og retoriske verkemiddel.

Ulike talar

Her er nokre av talane du finn på Virksomme ord og politiske taler:

Frå Unionsoppløysninga – Danmark

1814: Nicolai Wergelands (Henrik Wergeland sin far) tale "Aldrig mere dansk!", debatt om grunnlovsutkastet, Eidsvoll, 5. mai 1814
Frå unionsoppløysninga – Sverige
1905: Anders Hovden: "Flagget talar til oss", preiken i samband med folkeavrøystinga om oppløysing av unionen, Krødsherad kyrkje, 13. august 1905

Den andre verdskrigen

1940: Haakon 7: "17. mai 1940", over kringkastinga i Bodø, 17. mai 1940
Haakon 7: "Til norske kvinner og menn", Kongen taler etter at Kongen, Kronprinsen og Regjeringa hadde måtta forlate Noreg, London, 16. juni 1940
Vidkun Quisling: "Den nasjonale regjering har overtatt makten", NRK radio, 9. april 1940
1941: Nordahl Grieg: "Med flygere til havs", radiotale til Noreg, 29. mars 1941
1943: Knut Hamsun: "England må i kne!", Den internasjonale pressekonferanse i Wien, 1943
1945: Arnulf Øverland: "Vår frihetsdag", Djurgården, Stockholm, 17. mai 1945

Etter andre verdskrigen

1957: Einar Gerhardsen: "Kong Haakon er død", NRK radio, 21. september 1957
1975: Per Lønning: "Abortloven krenker Skaperens livslover", avskjedstale som biskop 1. juni 1975
1981: Gro Harlem Brundtland: "Kvinners stilling i utdanning og arbeidsliv", Stortinget, 4. juni 1981
1992: Gro Harlem Brundtland: "Det er typisk norsk å være god", nyttårstale, NRK, Oslo, 1. januar 1992
1994: Anne Enger Lahnstein: "Stem nei!", sluttappell i partileiardebatt om EU, NRK TV, 25. november 1994

2000-talet

2005: Heikki Holmås: "(Jeg er) Heikki", stortingsdebatt om kommuneøkonomi, Stortinget, 16. juni 2005
Shabana Rehman: "Hjertets migrasjon", Bjørnsonfestivalen, Molde, 24. august 2005
2008: Abid Raja: "Vandrerne", Bjørnsonfestivalen, Alexandraparken, Molde, 29. august 2008
2011: Walid Al-Kubaisi: "Frihetens rike", 17. mai 2011
Harald 5: "Nå står vi fast ved verdiene våre", NRK1 og TV 2, 23. juli 2011
Jens Stoltenberg: "Mer åpenhet, mer demokrati", rosetog til minne om terrorofra, Rådhusplassen, Oslo, 25. juli 2011
Kronprins Haakon: "I kveld er gatene fylt av kjærlighet", rosetog til minne om terrorofra, Rådhusplassen, Oslo, 25. juli 2011
Fabian Stang: "Straffen skal være mer demokrati", rosetog til minne om terrorofra, Rådhusplassen, Oslo, 25. juli 2011
2012: Jonas Gahr Støre: "Gode gjerninger redder verden", minnegudsteneste, Hole kirke, 22. juli 2012
Eskil Pedersen: "Ingen som er blitt elsket, forsvinner", AUFs minnearrangement på Utøya, Tyrifjorden, 22. juli 2012
Hadia Tajik: "Menneskets verdi må vi markere hver eneste dag", markering av 70-årsdagen for deportasjonen av norske jødar, Akershuskaia, Oslo, 26. november 2012

Læringsressursar

Skape og vurdere tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs