Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Skape og vurdere tekstarChevronRight
  5. Arbeid med munnlege tekstarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Arbeid med munnlege tekstar

Bruk analyseoppsettet til å analysere ulike munnlege tekstar

Vurder samspelet i ein eller fleire munnlege tekstar. Bruk analyseoppsettet nedanfor. Oppgåvene kan du gjere skriftleg eller munnleg, individuelt eller i grupper.

Oppgåve 1

Analyser ein TV-debatt. Du finn fleire debattar på Debatt i P2 .

Oppgåve 2

Analyser ei vêrmelding. Du finn vêrmeldingar i nyheitssendingane som ligg på NRK.no

Oppgåve 3

Ta opptak av ein samtale mellom vener. Hugs å be om løyve!

Oppgåve 4

Samamenlikn to av tekstane i oppgåvene over. Kva er likt? Kva er ulikt? Kvifor er tekstane forskjellige? Bruk fagkunnskapen du har om sjangrar og medium når du forklarar.

Analyseskjema for munnlege tekstar

  1. Kva slags sjanger er teksten?
  2. Plasser den munnlege teksten i kommunikasjonsmodellen, og gi ein kort analyse av kommunikasjonssituasjonen.
    • Kva er her-og-no-situasjonen for den munnlege teksten?
    • Kva er den større konteksten som teksten går inn i?
    • Kva er føremålet med teksten?
  3. Komposisjon og struktur:
    • Kva slags modi er brukt i teksten?
    • Korleis er dei sett saman (komponert)?
    • Korleis er strukturen i teksten?
  4. Verkemiddel i munnlege tekstar:
    • Korleis er det munnlege språket tilpassa sjangeren? (formelt/uformelt språk, privat/offentleg språkbruk)
  5. Korleis bruker deltakarane mimikk, kroppsspråk, tonefall og dialekt når dei snakkar? Vis til konkrete døme og forklar.
  6. I kor stor grad er teksten lite planlagt, spontan og lite varig? Vis til konkrete døme og forklar.
  7. Er det avbryting, småord, nøleord, ufullstendige setningar og oppfølgingsspørsmål i den munnlege teksten? Vis til konkrete døme og forklar.
  8. Kan du finne døme i teksten som seier noko om sosiale faktorar som makt, alder, kjønn, sosial og økonomisk bakgrunn?

Læringsressursar

Skape og vurdere tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Det handlar om å dele: Creative Commons

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Samspel mellom uttrykksmåtar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skrifttypar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Åndsverklov og opphavsrett

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Vel deg eit essaytema

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Vurderingsressurs