Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Skape og vurdere tekstarChevronRight
  5. Verkemiddel i samansette tekstarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Verkemiddel i samansette tekstar

Korleis kan du lage ein samansett tekst som er god å sjå på, lett å lese og har det uttrykket du ønsker? Bruk ulike visuelle verkemiddel for å skape den effekten du vil ha.

Designer jobber på lysbord. Foto.
Ein designar må ta mange val i utforminga av ein samansett tekst.

Framheving og variasjon

Du har sikkert opplevd at det kan vere tungt å begynne å lese ei side som er full av tekst, der all skrift er i same storleik. Ho verkar kjedeleg, og det er vanskeleg å få eit kjapt inntrykk av kva som er viktig. Derfor bruker designarar kontrastar av ulik art for å skape liv på ei side og framheve det som er viktigast.

Grunnreglar for kontrastar:

  • Store kontrastar skaper ein følelse av liv, fart og spenning. Det er som om designen ropar til deg.
  • Små kontrastar skaper ro. Designen taler mykt og stille.

Storleikskontrast

Reklame for reisearrangør. Foto.
Kva for grep har designaren brukt her?

Vi framhever gjerne titlar og viktige avsnitt (til dømes ingressar) ved å bruke større og/eller feitare skrift på dei. Dei viktigaste titlane får den største skrifta. Når lesaren kastar eit blikk på sida, vil blikket raskt hoppe frå tittel til tittel og gi henne eit inntrykk av kva sida handlar om, og om det er interessant å lese vidare.

Vi bør også tenke på kontrastar når vi set inn bilete på sida: Store bilete fangar blikket, og kontrast mellom store og små bilete skapar variasjon og liv.

Fargekontrast

Vi bruker også fargar for å framheve og for å skape det uttrykket vi ønsker. Sterke fargar skaper store kontrastar. Sterke, varme fargar som gult og raudt bruker vi ofte til å framheve viktige element, som til dømes prisene i tilbodsreklame. Duse fargar derimot gir mindre kontrast og skaper dermed eit rolegare og meir sofistikert preg.

Uansett kva slags fargar ein vel, er det viktig at kontrasten mellom skrift og bakgrunn ikkje blir for liten, for då blir teksten vanskeleg å lese.

Formkontrast

Ei side med firkanta bilete og firkanta tekstblokker blir gjerne litt kjedeleg, sjølv om vi bruker både størrelses- og fargekontrastar for å framheve viktige element. Vil du lage ein meir livfull og ungdommeleg design, kan du ta i bruk formkontrastar.

Formkontrastar kan du skape ved å sette inn bakgrunnar og dekorelement med former som ikkje er firkanta. Du kan også fjerne bakgrunnen i eit bilete.

Stopp-effektar

Stoppeffektar er ein form for kontrast, men her er det innhaldet vi tenker på meir enn formen. Lar du blikket gli over oppslagstavla på skulen eller sidene i ein avis, er det nokon innhaldselement som fangar interessa meir enn andre.

Ofte er det eit bilete eller nokre ord som er spesielt framheva. Vi lever i eit samfunn der konkurransen om merksemd er stor. Derfor kan det vere lurt å tenke over korleis du kan bruke stoppeffektar for å få folk til å stoppe opp og lese bodskapen din. Her har du to av dei viktigaste:

  • Bilete av menneske: Særleg ansikt og blikkontakt er ein sikker vinnar når du ønsker å fange lesaren si merksemd.
  • Stoppord: Du kan bruke ord som gjer lesaren nysgjerrig − men det er neppe nødvendig å kopiere Dagbladet heilt ukritisk: "Sexgal drapsgiraff begikk selvmord". Ville du ha lese vidare?

Læringsressursar

Skape og vurdere tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Det handlar om å dele: Creative Commons

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Samspel mellom uttrykksmåtar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skrifttypar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Åndsverklov og opphavsrett

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs