Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Skape og vurdere tekstarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Munnleg eksamen KK1

Du kan bli trekt ut til eksamen i Kommunikasjon og kultur 1. Den er munnleg og lokaltgitt. Her er ei rettleiing om eksamensordninga og nokre tips.

Kommunikasjon. Illustrasjon.

Lokalgitt eksamen

Eksamensoppgåva blir laga ved kvar enkelt skule og blir derfor kalla lokalgitt. Det er faglærarane som lagar eksamensoppgåvene, men ein ekstern oppnemnd sensor vil kvalitetssikre oppgåvene før dei blir vedtekne. Skuleeigaren kan fastsetje lokale retningsliner for å gjennomføre lokaltgitt eksamen.

Trekkfag - 48 timar før eksamen

Sidan Kommunikasjon og kultur 1 er eit trekkfag, kan du som elev bli trekt ut til å ha eksamen i faget. Trekkinga av faget du kjem opp i, blir kunngjort 48 timar før sjølve eksamenen. Det er vanleg at grupper på 6- 8 elever kjem opp i samme faggruppe/klasse.

Førebuingsdel - 24 timar før eksamen

Eksamen skal ha ein obligatorisk førebuingsdel. Dette tyder at du 24 timar før sjølve eksamen får eit tema eller ei problemstilling. Du skal så utarbeide ein presentasjon knytt til dette. Du bør ikkje lage ein presentasjon der du bruker meir tid enn 10 minutt (du kan halde presentasjonen for deg sjølv og sjå på klokka). I førebuingstida er alle hjelpemiddel tillatne.

Sjølve eksamen - inntil 30 minutt

Det einaste du kan ta med deg på eksamen[1], er dine eigne notat og relevante hjelpemiddel som har med presentasjonen du har førebudd å gjere. Det vil normalt bli sett av 10 minutt til presentasjonen (inntil 1/3 av eksaminasjonen). I dei øvrige 20 minutta skal de samtale om problemstillingar med utgangspunkt i det som er presentert. Eksaminator kan også be deg trekkje liner til andre delar av faget, slik at du får moglegheit til å syne kva for kompetanse du har i faget.

Eksamenskarakteren skal setjast på grunnlag av den kompetansen du syner på sjølve eksamen.

  1. 1«§ 3-30 Lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring». Utdanningsdirektoratet. 2014.

Læringsressursar

Skape og vurdere tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Det handlar om å dele: Creative Commons

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Samspel mellom uttrykksmåtar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skrifttypar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Åndsverklov og opphavsrett

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs