Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Skape og vurdere tekstarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Skape og vurdere tekstar

I løpet av ein dag møter du ei stor spennvidde i tekstar. Du les nyheiter på mobilen, får og sender tekstmeldingar, les fagstoff på skolen og ser filmar på fritida. Dette er berre nokre av tekstypane du møter.

Ungdom sitter under et tre og jobber på en laptop. Illustrasjon

Nokre av tekstane er du passiv mottakar av, andre er du med på å skape sjølv. Ein viktig del av dette faget er lære seg å produsere tekstar tilpassa ein gitt mottakar og til ein gitt situasjon.

Tekster har eit føremål

Tidlegare har vi sett at vi ofte ønskjer å oppnå noko med dei tekstane vi leverer frå oss, og at dei tekstane vi sjølv får, også gjerne har eit mål. For at ein tekst skal kunne nå målet sitt på ein best mogleg måte, er det viktig, og kanskje også avgjerande, at han er tilpassa tid, stad og mottakar. Langt på veg kan vi også vurdere tekstar ut frå dei same kriteria.

Vi har sagt at alle tekstar eigentleg er samansette tekstar. Det er svært sjeldan at vi møter på ein tekst der berre éin teksttype er brukt. Det vil likevel vere slik at vi finn meir av ein teksttype enn ein annan. Les vi ei lærebok, er det sjølvsagt mest skrift, men vi kan også finne bilete innimellom. Ser vi ein film, er det derimot levande bilete og lyd som er dei viktigaste teksttypane.

Tekstkunnskap i faget

Dette faget har eit todelt perspektiv når det gjeld tekstar. På den eine sida skal du opparbeide deg ein god kompetanse i å forstå og analysere ulike typar tekstar. På den andre sida skal du skape dine eigne tekstar. Faget har med andre ord både ei teoretisk og ei praktisk side. Her vil du få tips og råd når det gjeld den praktiske sida av faget.

Hugs også at det er reglar for kjeldebruk av andre sine tekstar, anten det gjeld skrift, musikk, bilete eller film. Dette kan du lese om til slutt i denne delen om tekstar. Der finn du også ei oversikt med forslag til verktøy.

Læringsressursar

Skape og vurdere tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Det handlar om å dele: Creative Commons

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Samspel mellom uttrykksmåtar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skrifttypar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Åndsverklov og opphavsrett

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs