Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
  5. NyhistorismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nyhistorisme

I samband med diskursanalysen lærte du at alle tekstar har ein kontekst. Tekstane er skrivne av nokon, på eit bestemt tidspunkt og ein bestemt stad. Vi tenker at nesten alle tekstar viser spor av det samfunnet eller den kulturen teksten er produsert i.

Maleri med portrett av Henrik Ibsen. Foto.
Kan du forstå tekstane til Henrik Ibsen utan å kjenne til tida han levde i?

Denne ideen bygger også nyhistorismen på. Litterære tekstar kan ikkje forståast fullt ut utan å sjå dei i forhold til diskursen dei er ein del av. Retninga oppstod i USA på 1980-talet, og hadde som ein felles idé at alle verk blir påverka av samfunnet dei blir skrivne i.

I følge nyhistorismen er eit av teikna på dette at vi finn intertekstualitet og allusjonar i nær sagt alle tekstar. Intertekstualitet handlar om å låne frå andre tekstar, eller å spele på tematikk og meiningsinnhald i andre tekstar. Ideelt sett vil slik intertekstualitet utvide meininga i verket som nyttar seg av dette grepet.

Det er ulike meiningar om all intertekstualitet er medvite eller umedvite – altså om forfattaren sjølv har hatt andre tekstar i tankane når han har skrive, eller om intertekstualitet er noko vi ikkje kan unngå og at meir eller mindre alle tekstar har referansar til andre tekstar.

Eit uløyseleg band mellom tekst og historie

Nyhistorismen som litterær teori baserer seg på ideen om at alle tekstar inneheld spor av andre tekstar. Med det utvida tekstomgrepet i bakhovudet, ser vi at det litterære verket i så fall kan romme svært mykje. Vi kan til dømes tenkje oss at eit litterært verk kan seie oss noko om rettssystemet, om økonomien, religionen, om forholdet mellom mann og kvinne, for å trekkje fram nokre eksempel.

Nyhistorismen endrar slik sett lesinga til å ikkje berre gjelde den litterære teksten, men også tida og samfunnet han er skriven i. Litterære tekstar låner og viser til element frå mange andre tekstar som inngår i den same diskursen. På den måten blir det eit uløyseleg band mellom tekst og historie.

Ulike oppfatningar av kva ein god tekst er

Eit resultat av eit slikt syn er at også samfunn og historie er noko vi berre har tilgang til gjennom tekst. Dette synet er det eigentleg vanskeleg å vere ueinig i – kunnskapen vi har om vår eiga historie får vi i hovudsak servert gjennom skriftlege, munnlege og samansette tekstar. Innanfor nyhistoristisk tenking, blir då også alle moglege tekstar sett på som litterære.

Med tanke på kva vi som lesarar godtek når vi les skjønnlitterære tekstar, minner nyhistorismen oss også om kor viktig det er å vere kritisk til det vi les og dei tekstane vi tileignar oss kunnskap frå.

Nyhistorismen opnar også opp for interessa for andre tekstar enn dei som vanlegvis inngår i kanonen vår. Ein kanon er ei samling av tekstar som blir oppfatta som særskild gode i ein gitt kultur. Når teksten si viktigaste rolle er å seie oss noko om samfunn og historie, vil gjerne andre kvalitetar enn dei vi verdset til vanleg gjere seg gjeldande.

Dette opnar opp for ein kanondebatt. Som regel har ein slik kanon grunnlaget sitt i litterære kriterier – dei er kort fortald godt skrivne, men ei nyhistoristisk tilnærming opnar for andre kanonlister med andre kriterier til grunn.

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff