Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
  5. NykritikkenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nykritikken

Nykritikken er ein teori som hevder at verken historia eller forfattaren er viktig for å forstå ein tekst. Teorien interesserar seg ikkje for koplinga mellom tekst og kontekst. Det er kun teksten i seg sjølv som er viktig.

Hånd som holder en bok. Foto.

På mange måtar representerer nykritikken ein motsetnad til både diskursanalysen og til nyhistorisme og historisk-biografisk metode. Faktisk er heile kontekstomgrepet eit ikkje-tema innanfor dette feltet i litteraturforskinga. I staden er nykritikken oppteken av å lese teksten som eit sjølvstendig og reint språkleg produkt

Der diskursanalyse og historisk materiale dannar grunnlaget for dei andre teoriane vi har sett på, bruker nykritikken det vi kallar nærlesing som metode. Dette inneber å undersøke og analysere dei verkemidla som er brukt i teksten. Kva slags motsetningar, spenningar og konfliktar råder i teksten, og korleis kan dette koplast opp til tematikken?

Nærlesing

Ein første fase i denne nærlesinga vil vere å gjere greie for det som på eit overflateplan, altså kva som heilt konkret og bokstaveleg, blir sagt.

Vi vil i dei aller fleste litterære verk raskt møte på eit språk som bryt med det vi kan kalle kvardagsspråket vårt, både i ordval, ordsamansetningar, setningsoppbygging. Den neste fasen i nærlesinga vil difor måtte ta for seg desse brota med vanleg språkbruk og dei spenningane desse fører med seg. Kva funksjon har brota for korleis vi forstår teksten?

For nykritikken er det likevel ikkje eit mål å komme fram til ei endeleg lesing og tolking av teksten. Dei spenningane som oppstår når språket bryt med den vanlege språkbruken, er i seg sjølv ein viktig litterær kvalitet, og opnar opp for at lesaren kan reflektere vidare etter at lesinga er over. Det finst ingen fasit.

Forfatteren si mening og kjenslene til lesaren

Det er særleg to feilgrep i litteraturteorien nykritikken vil til livs. Det første feilgrepet er det intensjonale feilgrepet, altså at ein leitar etter kva intensjon forfatteren har med teksten. Det inneber at verket si meining blir forveksla med forfattaren si meining. Å kome fram til kva forfattaren har meint med teksten, er både unødvendig, uønska og umogleg. Verket kan fungere heilt fint på eiga hand. Dessutan kan ei slik tilnærming fjerna lesaren frå det som er viktig – nemleg det litterære. Vi kan heller aldri vite om forfattaren faktisk har greidd å skrive inn sine eigne meiningar i teksten.

Det andre feilgrepet er det affektive feilgrepet. Affektiv betyr emosjonell. Fordi nykritikken først og fremst ser etter dei litterære kvalitetane i verket, er det viktig å ikkje blande inn lesaren sine kjensler eller affektar i lesinga. Sjølv om lesaren kan oppleve ei stemning eller kjensler i møte med verket, er dette noko som vil variere frå person til person. Det kan ikkje brukast til å seie noko sikkert og vitskapleg om sjølve verket.

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff