Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Historisk-biografisk metode

Jens Bjørneboe hadde ei vanskeleg ungdomstid der han følte seg annleis og utanfor samfunnet. Som vaksen skreiv han romanar med samme tema, og derfor er det mange som ser forfatteren sitt liv i samanheng med tekstane han skreiv.

Jens Bjørneboe. Foto.
Jens Bjørneboe

Ein slik innfallsvinkel til forholdet mellom litteratur og historie, er den historisk-biografiske metoden. Innanfor denne teorien avgrensar ein konteksten til avsendaren – altså forfattaren av verket.

I denne tradisjonen les vi verket som eit uttrykk for og eit resultat av diktaren sitt eige liv og dei meiningane denne måtte ha. Det er ofte naturleg, og kanskje også uunngåeleg, å sjå koplinga mellom forfattarliv og samtida til forfattaren.

Sammenheng mellom livet og teksten

Om vi til dømes les lyrikk av Inger Hagerup og Halldis Moren Vesaas, kan vi ofte sjå parallellar mellom liv og livsfasar (kjærleik og ekteskap), viktige hendingar i samfunnet hennar eiga samtid (krig) og dei tekstane ho skreiv. Dette kan vi til dømes sjå i tekstane "Ord over grind", knytt til kjærleiken, og "Aust-Vågøy", knytt til 2. verdskrig.

To hovudretningar

Det finst fleire variantar av den historisk-biografiske metoden, og vi kan skilje mellom to hovudretningar: fokus på forfattardelen av avsendaren, eller fokus på biografien til avsendaren.

  • Fokus på forfattardelen: I ei slik tilnærming er ein mest oppteken av kva som særmerker avsendaren som forfattar – kva for andre forfattarar er han påverka av, kva slags sjangrar skriv han innanfor, kva for tematikk opptek han, korleis utviklar forfattarskapen seg.
  • Fokus på biografien: I ei slik tilnærming ser ein på alle sidene ved livet til forfattaren – alt i frå oppvekst, foreldre, famile og skulegang til religiøs og politisk ståstad.

Kor nyttig er teorien?

Det er delte meiningar om kor gyldig og relevant den historisk-biografiske metoden eigentleg er. Ofte kan vi fjerne oss langt frå det vi opphavleg starta med – nemleg litteraturen og språket i denne. Andre gonger kan det vere vanskeleg å avgjere kva i forfattarlivet som faktisk er av interesse i forhold til tekstane vi les. Likevel ser vi at metoden står nokså sterkt framleis, mellom anna i norske skulebøker.

Denne metoden har også ein sterk tradisjon i norskundervisninga i Noreg. Gjennom fokus på anekdotar og forteljingar om livet til forfattarane, er målet at vi skal bli kjende med personane bak teksten, og på den måten kanskje også forstå sjølve teksten betre.

Tore Rem blar i arkiver. Foto.
Tore Rem har skrive ein trebinds biografi om forfattaren Jens Bjørneboe (2009/2010). Bøkene har fått kritikk for å fokusere for mykje på Bjørneboe sine personlege problem.

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff