Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
  5. Tre teoriar om litteratur og samfunnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tre teoriar om litteratur og samfunn

Er Ibsen sin familiebakgrunn viktig å kjenne til for å forstå dramaa han skreiv? Må du kjenne til samfunnet på 1900-talet for å forstå Jens Bjørneboe sine romanar? Det finst ulike oppfatningar av kor viktig det er å leggje vekt på konteksten til skjønnlitterære tekstar.

Skriver. Foto.

Diskursanalysen dreier seg først og fremst om å studere det vi litt generelt kan kalle saktekstar i kontekst. Gjennom å analysere ulike delar av teksten og forholdet mellom desse delane og ulike kontekstuelle lag, vil vi prøve å vise kva for sosial samanheng dei spring ut av.

Tre teoriar om skjønnlitteratur

Men også innanfor teoriar om skjønnlitteratur, finst det tankar som går i same retning. Ein av dei teoriane som slektar nærast, er nyhistorismen. Langt på veg ser denne teorien den litterære teksten som eit direkte resultat av historia og samfunnet han tilhøyrer. I forhold til kommunikasjonsmodellen, ligg hovudfokuset på konteksten.

Den historisk-biografiske metoden avgrensar denne konteksten til å gjelde forfattaren bak verket, og er på den måten meir oppteken av sendarinstansen i kommunikasjonssituasjonen.

Nykritikken er ein litteraturteori som ikkje er oppteken av avsendar eller kontekst, men i staden konsentrerer seg om sjølve teksten.

Teoriane og kommunikasjonsmodellen

Dei tre teoriane har ulike mål for analysen. Det dei har til felles, er at dei er reiskap vi kan bruke til å forstå skjønnlitterære tekstar. Når du blir bede om å analysere til dømes ei novelle på skolen, bruker du antageleg fleire innfallsvinklar.

Teori Fokus i kommunikasjonsmodellen Mål og sentrale spørsmål
Nyhistorisme Konteksten Bruke teksten til å få kunnskap om tida han er skriven i.
  • Kva for andre tekstar viser teksten til?
  • Kva er innhaldet i desse andre tekstane?
  • Seier teksten noko om kvinnesyn, rettssystem, politikk og liknande?
Historisk-biografisk metode Avsendaren Bruke opplysningar om forfattaren til å kunne forstå teksten betre
  • Kva veit vi om forfattaren?
  • Kva prega forfattaren i tida han/ho skreiv verket?
  • Korleis plasserer verket seg i forhold til det andre han/ho har skrive?
Nykritikk Teksten Peike på kva som gjer litteratur til litteratur, og kva som skil god litteratur frå dårleg litteratur
  • Kva gjer litteratur til litteratur?
  • Kva er det som bryt med kvardagsspråket i denne teksten?

Sjølv om dei ulike teoriane langt på veg utelukkar andre tilnærmingar, kan ei einspora lesing føre til at vi mistar ein del av verdien i verket. Ulike lesemåtar gir oss ulike opplevingar og ulik kunnskap om og av det vi les. Ofte er ein kombinasjon av ulike lesemåtar den beste arbeidsmåten når vi skal arbeide med skjønnlitterære tekstar.

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff