Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kulturkontekst

Kulturkonteksten er det mest omfattande kontekstuelle laget vi skal sjå på. Som namnet seier, handlar dette om den kulturen som teksten spring ut av. Ein IKEA-katalog er uttrykk for ein annan kultur enn rapmusikk.

Kvinnelig lærer underviser noen elever. Foto.
Kva for konvensjonar ligg i skolekulturen?

I mange tilfelle er dette ei ramme som vi ikkje treng å tenkje så mykje over. Teksten kan til dømes springe ut av den nasjonale kulturen eller den skulekulturen vi sjølv er ein del av. Det vil i slike tilfelle vere nokså enkelt å forstå teksten. Andre gonger representerer teksten kulturar vi ikkje kjenner inngåande, eller meir spesialiserte kulturar.

Konvensjonar

Å studere kulturkonteksten, handlar i stor grad om å undersøke kva for konvensjonar – altså kva for spelereglar – som gjeld for kommunikasjonen. Konvensjonar for språkbruk finn vi innanfor mange område: skule, media, helsevesen, servicenæringa og mange fleire.

Felles for slike område er at dei ”krev” at deltakarane i kommunikasjonssituasjonen kjenner til og held seg til dei etablerte rollene som gjeld. På same måte som ein del aviser held seg til ideologiske konvensjonar, held vi oss også til konvensjonar når elev og lærar møtest i klasserommet. Både elevrolla og lærarrolla legg føringar for oss når vi skal kommunisere, og vi tek det som sjølvsagt at desse rollene blir følgt.

Det verdsbiletet vi er flaska opp på, oppfattar vi som regel som ei sjølvsagt sak – og dersom vi vil overtyde andre om at dette verdsbiletet er det rette, må vi også legge tankane våre fram slik at det framstår som sjølvsagt for alle. Diskursanalyse handlar i stor grad om å peike på det i teksten som blir framstilt som nettopp er sjølvsagt for nokon, men som kanskje ikkje er det sett i frå ein annan kulturell ståstad.

Avisar med kulturell eller politisk ståstad

Forskjellige aviser. Foto.
Norske aviser er mange, men er dei veldig ulike?

Om vi går nokre tiår bakover i tida, var det vanleg at avisene i landet representerte ulike sider i norsk politikk. Den riksdekkande avisa Dagbladet var til dømes ei ”raud” avis med sterk forankring i arbeidarrørsla.

Utover 1980- og 90-talet endra dette seg. I dag er dei fleste avisene, inkludert dei to riksavisene VG og Dagbladet, i utgangspunktet partiuavhengige og marknadsorienterte, og eigarskapa i avisene er meir samansett. Likevel har vi framleis døme på det vi kallar meiningsberande aviser, som til dømes Vårt Land, med ein tydeleg kristen profil, og Klassekampen, som i stor grad har overteke den rolla Dagbladet tidlegare hadde. Vi har også aviser som fokuserer på felt som økonomi og næringsliv, representert ved mellom anna Dagens Næringsliv.

Sjølv om dei fleste avisene i dag er partiuavhengige, kan vi likevel spore ein politisk eller religiøs ståstad i mange av dei. Mange vil seie at VG representerer eit høgrevridd bilete av verda, som i mange saker ligg tett opp til FRPs politiske syn. På liknande vis kan sjå at ein del regionsaviser som Stavanger Aftenblad og Aftenposten er farga av regionen sine tradisjonar både i politiske og religiøse spørsmål. Det seier seg kanskje sjølv at slike kulturelle forankringar kan prege nyhendestoffet i avisene, og det er i alle høve noko vi bør ha i bakhovudet i arbeidet med diskursanalysar.

Også i andre samanhengar, kan det kulturelle bakteppet vere styrande for teksten. Bedrifter, skular og ulike konsern, har alle sine ”agendaer” – dei vil oppnå noko med det dei seier og skriv, og målet vil ofte vere prega av nettopp den kulturen som råder.

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff