Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
  5. SituasjonskontekstChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Situasjonskontekst

Du formulerer deg på ulike måtar om same emne, avhengig av rolla du har i situasjonen. Derfor er situasjonskonteksten viktig i ein diskursanalyse. Du må undersøke korleis situasjonen og rollene dei ulike aktørane har påverker kommunikasjonen.

Tre generasjoner tvinner vidjespenning. Foto.
Situasjonen og rolla du har i han, påverker korleis du kommuniserer.

I gjennomgangen av retorikken såg vi mellom anna på det vi kallar kairos, som altså seier noko om korleis situasjonen i tid og stad kan brukast til talaren sin fordel.

Situasjonskonteksten svarer til dette på den måten at vi også her ser på korleis omstenda rundt teksten er utnytta, eller korleis omstenda styrer og påverkar teksten. Som namnet tilseier, er vi på dette stadiet i analysen meir opptekne av situasjonen i tid og rom. Også mediet som er brukt er interessant i denne samanhengen.

Situasjon og rolle

Situasjonskonteksten viser altså til dei umiddelbare omgjevnadane til teksten, og til den konkrete samanhengen han står i. Det gjeld både den situasjonen teksten blir produsert innanfor, og den situasjonen teksten vi les teksten innanfor.

Når vi snakkar med venene våre om korleis skuledagen har vore, vil truleg den aktuelle konkrete situasjonen påverke både kva som blir sagt og korleis vi seier det, korleis vi ordlegg oss. Har vi ein samtale om det same emnet med besteforeldra våre, vil vi truleg endre litt på både kva og korleis. Dette har å gjere med kva roller vi speler i dei ulike situasjonane – er vi den personlege og fortrulege kameraten, eller er vi det høflege barnebarnet?

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff