Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tekstuell kontekst

Mange vil hevde at å skape heilt nye tekstar i dag, er heilt umogleg. Slike påstandar må vi kanskje ta med ei klype salt, men langt på veg er det eit faktum at tekstane vi les har ei kopling til andre tekstar. Dei låner idear, uttrykksmåtar og tematikk av dei.

Motiv fra filmen skylappjenta. Foto.
Skylappjenta er ein kortfilm som speler på eventyret om Raudhette. Kva slags assosiasjonar får du til hovudpersonen?

Intertekstualitet

I Litteraturvitenskaplig leksikon er intertekstualitet definert som ”alle tenkelige forbindelser mellom tekster.”[1] Det kan vere i form av likskapar, henvisningar, direkte sitat, tematiske koplingar og liknande.

Allusjon

Det finst ulike meiningar om kva for forbindelseslinjer det er interessant å sjå på, og nokre er meir synlege enn andre. Å opne eit kåseri med setninga ”Det var ein gong...” er eit tydeleg døme på intertekstualitet, i alle fall i vår kultur. Vi vil med ein gong tenkje på eventyrsjangeren og dei trekka som pregar desse tekstane.

Slik bruk av andre tekstar kallar vi allusjon. Når vi viser til andre tekstar på denne måten, utvidar vi også meiningsinnhaldet i vår eigen tekst. Svært ofte vil slik bruk av allusjonar også hente inn verdiar og haldningar frå dei tekstane det vert alludert til. Bibelallusjonar og allusjonar til sangtekstar er nok dei vanlegaste formene for allusjon i vår del av verda, og gjennom slike allusjonar vert tekstane også kopla saman reint haldningsmessig.

Med introduksjonen av omgrepet allusjonen, er vi i ferd med å bevege oss utanfor den konkrete teksten og ut i konteksten.

Tekstar som har same emne

Men også andre former for intertekstualitet høyrer heime i den tekstuelle konteksten. I media ser vi til dømes ofte at ei sak føyer seg inn i ei lengre rekke reportasjar om same emne, eller at ho vert kopla opp til viktige hendingar i samfunnet. Ved å utnytte situasjonen, kan den aktuelle teksten bli forsterka og gjort synleg på ein måte som elles ikkje ville vore mogleg.

Fysisk nærleik mellom tekstar

Ein meir umiddelbar tekstuell kontekst er dei tekstane eller tekstdelane som er fysisk nær teksten som skal analyserast.

Ei diktsamling er til dømes sett saman av fleire tekstar. Sjølv om vi berre skal analysere eitt av dikta i ei slik samling, er det naturleg å sjå det i samanheng med dei andre dikta. Vi kan til dømes sjå om det er ein felles tematikk i tekstane. Kanskje dei kommenterer og til og med korrigerer kvarandre? I ein roman er dette enda tydelegare. Å lese eit kapittel midt i boka gir som regel lita meining om vi ikkje har lese dei føregåande kapitla.

Mobiltelefon som ligg oppå fleire aviser. Foto.

Slik bør vi også tenkje i forhold til andre teksttypar. Å lese ein avistekst utan å reflektere over kvar i avisa teksten er plassert, kan gi oss feil inntrykk av teksten. Som regel er avisstoffet plassert i ulike seksjonar, som til dømes ”Aktuelt”, ”Innanriks”, ”Utanriks”, ”Kultur” eller ”Underhaldning”. I tillegg har avisa ei framside, ei siste side og ofte også temavedlegg, til dømes i helgeutgåvene.

På den måten sorterer avisa nyheitsbiletet for oss, men ho legg også føringar for korleis vi skal tenkje rundt det vi les. Kva skal til dømes plasserast på framsida? Vi tenkjer som regel at det viktigast som har skjedd det siste døgeret skal plasserast her. Men gjennom plassering blir det faktisk avisa som ”avgjer” kva som er det viktigaste og kva som ”berre” høyrer inne under underhaldningsmerkelappen.

  1. 1«Litteraturvitenskapelig leksikon». Lothe, J m.fl. Kunnskapsforlaget. 2007.

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff