Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sjangrar og medium

Sjanger er ein viktig del av det tekstanalysen. Sjangrar har ulike normsett for ulike tekstar. Det same gjeld media vi bruker. Som mottakar og avsendar må vi ta hensyn til slike normer for at teksten vår skal bli ”godteken” og forstått heilt ut.

Gry Blekastad Almås og Jon Gelius i NRKs nyhets-studio. Foto.
Gry Blekastad Almås og Jon Gelius i NRK sitt nyheitsstudio. Nyheitssjangeren gjer at vi forventar ein formell stil.

Vi må til dømes vere klar over at ironi er eit sjangertrekk ved kåseri, og for å forstå bodskapen i ein slik tekst, må vi også vere innstilte på den ironiske undertonen. I ein fagartikkel, derimot, vil ironi fungere svært dårleg.

Langt på veg har ulike diskursar ”sine” sjangrar. Vi kan til dømes seie at nyheitssendingane på tv er ein eigen diskurs med ein eigen sjanger: Opplesaren skal ha formelle, pene klede og vere nøktern og formell i opplesingsstilen. Språket skal helst vere skriftnært (altså nært opp til anten bokmål eller nynorsk). Desse sjangertrekka oppfattar vi som seriøse, og dei er med på understreke alvoret, eller vektlegge sanning og objektiviteten i det som blir lagt fram. Slik svarar nyheitssendingane til sjangerforventningane våre.

Vi tek stilling til fleire diskursar

På same måte kan vi sjå at ulike grupper har sine diskursar med eigne sjangrar. Ulike aldersgrupper, grupper i ulike fasar i livet og ulike interessegrupper kan vere døme på dette. Du vil møte andre forventningar til språkbruk og stil når du er saman med venene dine enn når du deltar i ein skoledebatt.

I vår tid ser vi likevel at mange langt på veg held seg til fleire parallelle diskursar og nyttar seg av ulike sjangrar når dei kommuniserer. Du beveger deg gjerne mellom ulike diskurssjangrar utan å tenke deg så mykje om. Antageleg blir du først bevisst på sjangeren om du eller andre bryt med forventningane og det påverkar kommunikasjonen.

Medium

Også mediet som er brukt kan fungere på denne måten. Alt etter kva mottakargruppe og emne det er snakk om, kan ein tenkje seg at desse favoriserer visse media, eller at saka rett og slett eignar seg betre for nokre medium enn andre.

Men også innanfor eit medium kan vi finne store skilnader. Eit tydeleg døme på dette er dei ulilke kanalane i NRK radio. Dei er retta inn mot ulike mottakargrupper. Om du undersøkjer til dømes innhald, sendeskjema og språk, kan du sjå kva for mottakarar dei rettar seg mot og korleis dei gjer det.

Val av medium vil til ein viss grad styre måten vi kan leggje saka fram på. Som vi har sett i kapitlet om ulike teksttypar, har ulike tekstar ulike fortrinn og ulemper, og det same gjeld ulike medium.[1]

Rammevilkår Samtale Telefon Chat Brev Radio Bok
Kan deltakarane sjå kvarandre? Ja Nei Nei Nei Nei Nei
Kan deltakarane høyre kvarandre? Ja Ja Nei Nei Nei Nei
Er språkbruken spontan? Ja Ja Ja Nei Ja/Nei Nei
Er signala flyktige? Ja Ja Nei Nei Ja Nei
Kan deltakarane veksle på å føre ordet? Ja Ja Ja Ja Nei Nei
Er det ein privat sendarinstans? Ja Ja Ja Ja/Nei Nei Ja
Er adressaten individuell? Ja Ja Ja Ja/Nei Nei Nei
  1. 1«Språklig samhandling: innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse». Jan Svennevig. Cappelen akademisk forl. 2009.

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff